Bjørnsonprisen til Cecilia Dinardi

Bjørnstjerne Bjørnson- Akademiet vart stifta i 2003, og har sidan gitt ut ein pris på 100 000 kroner. Prisen går til dei som jobbar i følgje…

pressebilde_cecilia_dinardi

Bjørnstjerne Bjørnson- Akademiet vart stifta i 2003, og har sidan gitt ut ein pris på 100 000 kroner. Prisen går til dei som jobbar i følgje stiftinga sin interesse. Akademiet «fremmer litteratur og kunnskap om andre litterære og kulturelle ytringsformer enn de som tilhører vår egen kulturkrets». Det jobbar for «ytringsfrihet i Bjørnstjerne Bjørnsons ånd (…)».

I fjor gjekk prisen til varslaren Edward Snowden, og tidlegare har m.a. Kristin Solberg, Yasar Kemal, Biskop Thomas av al-Qusiyya og Mair, Wojoud Mejalli, David Zonsheine, Adonis og Hrant Dink fått han. I år går prisen til den chilenske advokaten Cecilia Dinardi. Ho kom til Noreg som tolvåring, og har, som advokat, høgskulelektor i barnevernrett, og skribent, sett fokus på integrering, på kva det vil seie å vere ung innvandrar til Noreg, og har jobba særleg for unge flyktningar sine rettar og tilhøve.