Aktuelt

– Bokbuffeen er eit strålande tiltak!

– Hva er det beste med Bokbuffeen.no? – At bøkene våre ikkje lenger treng hope seg opp på loft og i kjellar. At lesarane får…

Foto: Samlaget

– Hva er det beste med Bokbuffeen.no?

– At bøkene våre ikkje lenger treng hope seg opp på loft og i kjellar. At lesarane får kjøpt bøker som kan vere vanskelege å få tak i elles. At lesarane får kjøpt bøkene billig, medan forfattarane likevel får ein anstendig royalty!

– Hvorfor selger du bøker på Forfatternes julemarked?

– Fordi eg har nokre kasser med bøker ståande på loftet som eg gjerne ser at nokon får glede av. Og så er det ein hyggeleg sosial ting å gjere før jul.

– Hvilke av bøkene dine selger du på julemarkedet/bokbuffeen.no?

– Det blir nok dei tre siste romanane mine, Landfastlykke, Alt som er og Mitt milde vesen. Eg trur òg eg har ei eske med den første biletboka ståande, Peder og plystrelyden. I så fall skal den med.

– Har du solgt noe gjennom bokbuffeen.no?

– Har ikkje registrert meg der enno, men det er berre eit tidsspørsmål. Bokbuffeen er eit strålande tiltak!

– Kan du anbefale en bok, og hvorfor akkurat denne?

– Eg trur eg vil nytte sjansen til å fylle på i dikthyllene mine, med samlingar av f.eks. Arild Vange, Helge Rykkja og Torild Wardenær, som alle har bøker liggande ute på Bokbuffeen.