Aktuelt

Bokhandel-stipend til Sveen, Ruset og Nødtvedt

  (Arkivfoto) Lars Petter Sveen (f. 1981) fekk Tarjei Vesaas debutantpris for novellesamlinga Køyre frå Fræna (Aschehoug, 2008) og om den boka er heimstaddikting på sitt…

books

 

(Arkivfoto)

Lars Petter Sveen (f. 1981) fekk Tarjei Vesaas debutantpris for novellesamlinga Køyre frå Fræna (Aschehoug, 2008) og om den boka er heimstaddikting på sitt aller beste, viser det vidare forfattarskapet til Sveen at han har tatt det lokale kvalitetsstoffet med vidare og ut i ei større, meir omfangsrik verd. Først med Eg kjem tilbake i 2011, ein slags stille westernbok med plass til estetisk og lyrisk brutalitet. Vidare med fjorårsromanen Guds barn (Aschehoug, 2014), hans verkelege gjennombrot som prosaforfattar. 

Ein merkelapp Sveen kler godt, er at han tar i kjent stoff og utvider, utfordrar, trår til. I den grad kritikarar, litterære juryar eller lesarar skal bry seg om kva forfattarane skal og bør skriva om, trur eg meiningane og engasjementet rundt fjorårsromanen Guds barn (Aschehoug, 2014) får fram nettopp denne omsorga. Vi vil ha ambisiøse verk, vi vil ha det kjente gjennomlyst av ei ny kraft. Norsk skjønnlitteratur treng kanskje meir av dette.  

Men det er ikkje utelukkande originalitet som gjer at Sveen skil seg ut, det er den litterære framføringa og gjennomføringa som plasserer Guds barn som ein påle i romanåret 2014. Sveen held i begge endar av språket og sveipar det hit og dit, buktar og bøyer det, det er elastisk i si korthogde stil. Her sirklar han inn det gigantiske utgangspunktet utan å boltra seg i det sjølvsagte ved bibelhistoria. Han utvider og utfordrar lesaren, og takk for det. 

Kompositorisk er Guds barn ein svært vellukka roman. Ved å gje stemme til ulike, bibelske karakterar, sentrale frå før eller ikkje, speglar og levandegjer Sveen ei bibelhistorie kjent for dei fleste av oss. Det er nok av dramatiske hendingar i Jesus liv og mellom bibelsidene, men Sveens tekst har eit eige blikk, eit eige språkleg nivå, forteljinga er litterær og poetisk og han klarar å ta ned det heilage lyset og kle det med levande realisme – og når lys og kvardag møtast, blir valdsscenene, anten det er røvaren Nadab som slår ihel spedalske eller offiseren Catos menn som drep gutebarn, sterk og verknadsfull lesing. Lesareffekten er ikkje enkel, gjenkjennande nikking, heller måping over at urforteljinga, som ligg oss nærme, dukkar opp med brutalitetens andlet. Valden har flytta ned til det menneskelege nivå, kampen mellom dei vonde og gode kreftene blir utkjempa direkte mellom boksidene. 

Valdsaspektet står altså sentralt i denne revitaliseringa av bibelhistoria. Nærleiken til dagens okkupasjonskrigar er ein like viktig bi-effekt av å lesa boka, som nærleiken til det bibelske stoffet. Det er som ei elv av blod må skylja inn over sidene, slangen må svømma i land og drepa barn og vakta det vonde, for at vi igjen skal få tilgang til det gode, håpet i det lyse. Slik er dette like mykje ei bok om håp. Den evige historia, altså. Det brutale og meiningslause vi har rundt oss den eine dagen, oppbygginga og ny styrke den neste. Her fortalt om igjen, men på ein engasjerande og nyskapande måte av Lars Petter Sveen – og Det litterære Råd i Forfattarforeninga gratulerer deg med Bokhandelens forfattarstipend 2015 på 200.000 kr.  


Endre Ruset (f. 1981) har utgitt dei tre diktsamlingane: Ribbeinas vingespenn (2001), Kims lek (2005) og Elsket og savnet (2014), samt dikt-pamfletten Noriaki (2014). Fjoråret eit comebackår, med andre ord. Rusets poesi kan kjenneteiknast av presisjon når han blandar saman språklege bilete og ein sterk, følelsesprega forteljarstemme. Dei store spørsmåla og det ømme blikket, er handsama så skarpt at Ruset aldri blir sentimental og repeterande. 

Elsket og savnet er først og framst eit sorgarbeid: «Det er sånn med sorgen, den treffer…» og det er eit skrivande poetisk jeg som skriver og teiknar og binder saman, frå det vesle interiøret til det uhandgriplege eksteriøret, eller «fra melkeveien til melkeglasset på kjøkkenbordet» som han skriv. Er det ei trøystebok? Handlar det om å forsona seg med lagnaden? Må ein behandla for å koma seg vidare? Det kan godt vera ei trøystebok, Ruset skriv fram plass til lesaren på sorgbenken, det er godt og vondt å vera i dikta. Men som god poesi også kan vera, stiller teksten krav, lindrar midlertidig, men er like fokusert på å fortelja eller gje bodskapet direkte kraft. Dør du så dør du, og det er absolutt vondt, auga og tanke treng skarp, rosa farge for å godta den kortsiktige smerta over i langsiktig funksjon og forsoning igjen.

I avdeling fem i boka er det håplause, det knuste, negasjonen kjørt gjennom håpet, det livgjevande. Det er rom for både dødsrefleksjonen «ingen kommer med regnet, med vinden, med snøen» – linjer som viser det statiske og håplause, og fornektelsens håp og ein motsats i «ingen hvite roser eller gresskar som skylles inn med bølgene». Heile vegen er det som ei understemme som nektar (det er ikje sant, det er ikkje sant) før overstemma skriv det fram slik det er. Det direkte dradd ut i tvil eller undring, men dette er ikkje tekstar som vil tolka vekk eller forklara døden. Menneska, aleine eller i fellesskap, må ta det vonde som skjer, innover seg. «Hun bærer kroppen på veien bort» skriv han, enkelt og sterkt. Ruset skriv inn smerte og sorg med ein særleg sterk fallteknikk. Det er reine, stramme dikt som ber om ein vaken lesar. Og vi gratulerer han med Bokhandelens forfattarstipend på 60.000 kr.  


Erlend Nødtvedt (f. 1984) har i sine tre diktsamlingar til no anlagt skakke, men sterke og nye poetiske dobbeltspor på litteraturhistoriske skinnegangar. I diktsamlingane Harudes (2008), Bergens beskrivelse (2011) og seinast i Trollsuiten (2014) har han aktivt forholdt seg til eldre tekstar og tradisjonar og kombinert eldre språkformer med eit moderne uttrykk. Han har nytta seg av tekstar som skaldekvad, middelalderballadar, folkedikting, barokklitteratur og spesielt den nynorske lyrikktradisjonen i ein siterande og tradisjonsbevisst stil som har ei  utvidande effekt. Og sjølv om Olav Nygard står på tunet, sit vi ikkje i lusekofta og nikkar til tradisjonen over desse dikta, vi blir slått i bakken av hulderhalens vitale pisk. For kven har tidlegare skrive om ein «underjordisk jekteskipper som smurte draugspy på toftene» og kopla dette saman med at «hertervigs mennesker står i båtene»? 

Nødvedts prosjekt er å sjå, sjå nytt og omskriva litterære slektstre, omplante og re-plante. Kjøre greiene sine opp i de andre greiene, hallusinere kraftfullt over det vakne, det søvnaktige. Bergen, Hordaland, Vestlandet er der, men er kjørt gjennom fantasikverna. Poesien hans er for god til å bli patriotisk. Diktstemma står i djupe, respektfulle bukk. Etter ei stund i den stillinga, set stemma krokfot på det historiske toget som paraderer forbi, blir sprelsk og ulydig. Dette er ulydige dikt. Teatralske og svært humoristiske, ordrike dikt. «Trollnatten putter varsom den jungianske spene i min munn» 

«Tussmorsete», «mosehvilt kirkeklokke» og at ein «tinnknapp tok frakkeflykt» er Nødtvedtsk vokabular. At tinnknappen blir leita etter med lys frå mobillykt etter ein liten handlerunde på 7-eleven, miksar det heile i mål. Trolltemperamentet hans tilfører norsk poesi og trollentusiasten der ute, nytt håp. Og vi gratulerer han med Bokhandelens forfattarstipend på 60.000 kr.