Skrivekunstakademiet lyser ut studiet på denne måten:
Søk påbyggingskurs i skapande skriving! På nyåret køyrer Skrivekunstakademiet på nytt i gang dette tilbodet for søkjarar som har eitt år skriveskuleutdanning på høgskulenivå, eller som har gjeve ut minst ei bok, og ynskjer å utvikle eit pågåande skriveprosjekt. Kurset er for det meste helgebasert, og vil føregå mellom februar og oktober. Hovudlærar er Pedro Carmona-Alvarez, og han skal ha med seg fleire mentorar og gjestelærarar. Meir om tilbodet og korleis du søkjer finn du her.