– Det kjennest ikkje einsamt

Sidan 1800-talet har kunstnarar reist til distrikt for å finne ro og konsentrere seg om kunstnarskapa. Sidan då har kunstnarar forflytta seg for å stille…

nasjonalbib_ruth_lillegraven

Sidan 1800-talet har kunstnarar reist til distrikt for å finne ro og konsentrere seg om kunstnarskapa. Sidan då har kunstnarar forflytta seg for å stille seg framand til ein ny stad, for å sjå livet og verda frå nye vinklar. Alle har dei sine grunnar, som Ibsens grunnar for å forlate Noreg og reise til Italia, Bjørnsons reiser til København, Tyskland og fleire stader, og malarar som var i Skagen i periodar for å skape borte frå det vante miljøet. Dei siste åra har ein del norske, unge forfattarar valt å forlate den norske hovudstaden for å busetje seg noko mindre sentralt. Fleire av disse har sagt opp faste jobbar for å satse på skrivinga. Tiril Broch Aakre sa opp ei stilling som forlagsredaktør og flytta til Hakadalen. Hilde Myklebust flytta heim til Syltedalen for å ta over familiegarden. Og så vidare. I ein liten serie får vi høyre korte utgåver av desse historiene. 

Ruth Lillegraven er fødd og oppvaksen i Granvin i Hardanger, og kom til Oslo for å studere på NMH (BI). Ho jobba først i Samlaget (2001-2007), og så i Samferdselsdepartementet (2007-2015, dei siste åra på deltid). I juni 2015 blei ho frilansar på fulltid. Vi bad henne fortelje kort om kva val ho har tatt om jobb og bustad, kvifor ho tok dei og om vala hadde noko å gjere med skrivinga. Og ikkje minst: Korleis har det gått etterpå?

– Eg flytta frå Oslo til Bærum i 2008. Etter to år på Emma Hjorth flytta eg i 2010 til Lommedalen. Å flytte ut av Oslo var noko eg gjorde av familiære årsaker, mannen min budde allereie i Bærum med sine barn. Det hadde sånn sett ikkje noko med skrivinga å gjere, men eg trur ikkje det har vore ein bakdel, i allefall. Oslo er nært, eg kan dra dit på ein halvtime, det er praktisk. Samstundes føler eg det er godt å bu på rolige landsbygda og tilbringe mesteparten av tida her. Eg likar å ha naturen og skogen tett på. Når dei største barna om nokre år er vaksne, er planen å flytte heim att til garden eg kjem frå i Granvin. Det ser eg fram til, sjølv om eg sikkert vil sakne mykje ved Austlandet også. 

– Du sa opp ein trygg jobb i staten. Kvifor, og kva har det gjort med forfattarskapen din?

– Det kjendest som eit logisk val. Det viste seg å vere vanskeleg å følgje opp både jobben og skrivinga, og eg ønskte å bruke mest mogleg tid på skrivinga. Eg ynskte også større fridom og fleksibilitet i kvardagen. Litt av grunnen til at eg torte seie opp nett då, var at eg fekk kunstnarstipend. Det har vore utruleg viktig for meg. Eg har i haust gitt ut både ny vaksenbok og ny barnebok. Det ville ikkje vore mogleg om eg framleis hadde jobben i departementet. Eg får no halde på med det eg likar best, og saknar ikkje den gamle jobben min. Det har vore ei udelt positiv oppleving å bli frilansar på heiltid. Det kjennest ikkje einsamt, eg har meir enn nok kontakt med folk, føler eg. Eg har stort sett hatt det travelt heile tida – og det er vel truleg eit godt teikn. Samtidig jobbar eg heile tida for å finne den rette balansen mellom skrivinga og oppdrag av ulik art. Eg har vel ikkje blitt så «rolig og avstressa» som eg kanskje innbilte meg at eg skulle bli. Og eg burde kanskje ha noko betre rutinar på ein del område, men eg jobbar med det også. No gler eg meg til eg skal flytte inn på nytt skriveloft på Bærums verk, med utsikt til elva, like over nyttår. Det trur eg blir fint!

– Korleis har det elles gått, dette «nye livet»?

– Eg har i allefall ikkje angra eit sekund på det valet eg tok, tvert om. Eg kjenner meg veldig priviligert som får vere min eigen sjef og arbeide med noko eg elskar å gjere.