– Det kollektive er ei motgift til kynisme

Knut Oterholm studerer korleis ein vurderer litteraturen sin kvalitet og verdi i ulike kollektive praksisar. Han har vore observatør under eitt av Det litterære råd…

oterholm

Knut Oterholm studerer korleis ein vurderer litteraturen sin kvalitet og verdi i ulike kollektive praksisar. Han har vore observatør under eitt av Det litterære råd sine møte, har vore observatør i bibliotek som vel bøker å kjøpe inn og i dei skjønnlitterære vurderingsutvala i Norsk Kulturråd , og analyserer no materialet han har henta inn. Men sjølv om han berre er i byrjinga av analysearbeidet, deler han noko mellombels observasjon. Det som han legg fram for medlemsmøtet er meir nyansert og detaljrikt enn dei få observasjonane som vi her deler:

– Kvalitetsvurdering blir til i samspelet mellom verk, lesar og vurderingssamanheng, seier Oterholm, og: “Ein viktig fellesnemnar som eg ser i vurderingsarbeid er naudsynet av å ankre det subjektive i verket.”

Han ser kva som gjer organisasjonane sin vurdering spesielt: “Det viktigaste som organisasjonane bidreg med inn i vurderingspraksis, er mandatet dei har. Mandatet kan t.d. vere å skulle ta opp medlemmar,” seier han, som altså har sett på nettopp DnF i særskil. 

– Hos DnF, til dømes, er medlemsopptakspraksis forma for å ivareta foreningens formålsparagraf, seier han. Paragrafen lyd: “Den norske Forfatterforening har til formål å verne og fremme norsk litteratur og ivareta de norske forfatteres interesser. Dette skal skje på en måte som respekterer foreningens sammensatte karakter og medlemmenes individuelle egenart.”

– I det siste leddet ligg det at medlemma er ulike. 

Men finst det ei oppskrift på kva som gir kvalitet i litteraturen og ikkje? Oterholm kan vise til nokre forsøk på formaliseringar av «kva ei god bok er». Bibliotekslova av 1985 er eit døme. I Ot.prp. nr. 14 (1985–1986), som skildrar intensjonen bak folkebiblioteklova heiter det at god litteratur «åpner for fantasi og følelser og gir kunnskap og innsikt. Lesing er en aktiv og skapende prosess som utvikler språk, abstraksjonsevne og selvstendig tankevirksomhet». Odeltingsproposisjonen i definerer kva ein god bok er – i at den definerer kva ei god bok gjer. Litterær kvalitet er kopla til “verknad”. Korleis virkar bøker inn i folk sine kvardagar? Det er viktig, seier Oterholm.

– Det finst ein del fellestrekk mellom Kulturrådets vurderingsutval og Det litterære råd sin vurderingspraksis. Det handlar til døme som organisering av samtala, om å finne ei balanse mellom kontinuitet og fornying når utvala blir sett saman. Erfaringsoverføring er viktig i begge institusjonane, observerer Oterholm, men peiker også på ein  ulikskap: Rådet er ni medlemma. I Kultrrådets utval er dei tre.