Aktuelt

Empati og bok

AEr det sant at barn utvikler empati gjennom å lese skjønnlitteratur? Og hva med voksne? Funker det på oss og?   Abstract: Ja, joda og…

kristine_tofte

AEr det sant at barn utvikler empati gjennom å lese skjønnlitteratur?
Og hva med voksne? Funker det på oss og?

 

Abstract:
Ja, joda og absolutt.

 

Innleiing (åtvaring: psykobabbel):
Empati er (som alt anna i psykologien) noko ein kan plukke frå kvarandre, definere, diskutere, forske på, og ha ulike syn på.Grunnleggande kan me vel seie at det er ein affektiv og ein kognitiv del av empati, og begge deler krev medfødte og erfaringsbaserte forutsetnader for å utviklast (det er vanskeleg for ein banan å bli empatisk, og det er vanskeleg å bli empatisk om du heile livet er i koma).
For å gjere det ekstra gøy å lage forskningsdesign interagerer affektdelen og den kognitive delen. Slik sett ser det ut til at empati er ganske likt alt anna i den menneskelege psyken: Kjensler er fysiologiske og kroppslege, og blir på same tid tolka, språkleggjort og iverksett i hjernen, hjernen er ein del av kroppen og uansett kva ein freister seie noko om heng alt saman med alt.

Til saka (drøftingsdel, men eg drøftar eigentleg ikkje, eg berre seier det som det er):
Men altså. Born lærer empati av å vere med andre, og får hjelp til å utvikle empati av dei vaksne. Høgtlesing av skjønnlitteratur er ein måte å vere saman med born på som inneheld alt ein kan ønske seg i så måte. Barnet ser på bilete, lyttar til ei forteljing som handlar om noko menneskeleg, noko sosialt, og gjerne noko med eit snev av konflikt, og får det heile servert av ein vaksen som kjenner barnet godt. Den vaksne legg til og trekk frå når teksten blir lesen, les med innleving som hjelper med å tolke og handtere kjensler, og stansar opp og vektlegg deler av teksten. Barnet får all mogleg hjelp til å forstå ytre handling, og dei kjenslemessige og sosiale aspekta ved forteljinga.

Høgtlesing er både ein arena for felles refleksjon (den kognitive biten) og kjenslemessig regulering. Når vesle Anna i boka står utanfor skulegarden ved den nye skulen og ikkje kjenner nokon, kan barnet få hjelp til å leve seg inn i å vere einsam og redd, men der barnet vert overvelda og lamma av ei slik kjensle, kan den vaksne hjelpe til med reguleringa. Både med modulering av stemma, med å lese roleg vidare og formidle ei tru på at det skal gå bra likevel, og ved å trøyste barnet som trygt sit på fanget eller i armkroken.

Fiktive Anna blir ein måte for barnet å kunne leve seg inn i korleis det må vere for andre å ikkje kjenne nokon, samstundes som barnet kjem i kontakt med eigne kjensler og får hjelp til å reflektere kring og regulere desse.

Eit par fine folk som har forska på empati og skjønnlitteratur er Raymond A. Mar og Keith Oatley (York universitet, Toronto). Dei formulerer det slik: Fiktive forteljingar er simuleringar av den sosiale verda via abstraksjon, forenkling og fortetting.

Ved å lese skjønnlitteratur køyrer me altså hjernen gjennom sosiale simuleringar. Me øver oss på å leve oss inn i andre i ulike scenario, og me øver oss på forståing, på kjenslemessig regulering og på refleksjon. Og alt dette gjer oss meir empatiske.

Når ein har forska på lesing og vaksne, viser det seg at det har ein direkte og målbar effekt på empati hos dei som les skjønnlitterære tekstar. Det avgjerande ser ut til å vere om ein kjenslemessig vert engasjert i teksten eller ikkje. Samstundes ser det også ut til at kjenslemessig «lukka» personar, som ikkje engasjerer seg så mykje i det dei les, også vert målbart meir kognitivt empatiske av å lese skjønnlitteratur.

Oppsummering, konklusjon og vegen vidare:
Alt i alt, svaret ser ut til å vere eit rungande ja.
Vil du ha ein meir empatisk hjerne er det smart å utsetje den for skjønnlitteratur. Om du derimot ønsker å vere ein uempatisk og dårleg sosialt fungerande person, bør du halde deg langt unna. Ditt val, eg dømmer ingen. (Joda, klart eg gjer).

 

Artikkelen var trykt i BLA #4-5 2017