Festivalforfattar Kaldestad

Falturiltu er verdas einaste nynorske barnebokfestival og skjer på Stord 4.-11. november. Per Olav Kaldestad er festivalforfattar under årets Falturiltu. Tema blir Svev og stev,…

falturiltu_kaldestad

Falturiltu er verdas einaste nynorske barnebokfestival og skjer på Stord 4.-11. november. Per Olav Kaldestad er festivalforfattar under årets Falturiltu. Tema blir Svev og stev, inspirert av kjærleiken hans til fuglar og dikt, og dikt for barn blir eit hovudfokus under denne ellevte festivalen. Kaldestad blir presentert og held framlegg gjennom heile festivalen. Det første er «Falturiltufesten» 4/11 i Stord kulturhus.

Kaldestad har vore styremedlem i DnF, og var styreleiar i Forfattersentrum fram til Mikkel Bugge tok over. Kaldestad skriv både for vaksne, barn og ungdom, er forøvrig 70 år i år. Akkurat som ei av dei andre organisasjonane som han er medlem av, NBU. Og han har ikkje pensjonert seg frå skrivinga, men jobbar med dikt. Denne gongen for vaksne.