Aktuelt

Husly

Mens eg vaskar meg ut av Skiens Æresbustad for kunstnarar, Ibsengården, høyrer eg Andvake, i Verdt å lese. Vandrar, i tankane, til Grotten, der Jon…

Ibsengården, Skien © Mette Karlsvik

Mens eg vaskar meg ut av Skiens Æresbustad for kunstnarar, Ibsengården, høyrer eg Andvake, i Verdt å lese. Vandrar, i tankane, til Grotten, der Jon Fosse kunne feire den første jula i sin æresbustad. Og litt til Hemstugu, ein æresbustad av den demokratiske typen, den som tar alle DnF-medlemmar i mot – med ved som brenn så lett, og solceller som finn lys, sjølv på den mørkaste dagen av året.

Andvake går som høyrespel i radio. I skrivande stund er Alida og Asle i Bjørgvin. Dei ser etter husly. Kvelden er kald. Men stjernene er lyse og månen stor. Alida er stor. Ho ventar barn.
Det var ein gong eit forslag på Stortinget om å gjere kunstnarbustaden "Grotten" om til barnehage. For kunstnarbarn, står det i VG frå 1969. Kva eit kunstnarbarn er? Det kan berre Stortinget vite. Men dei visste visst ikkje, dei heller: (Statsråd Bondevik) sa klart fra at han ikke ville høre tale om de "lure" forslag som er satt fram, bl.a. det selsomme om at "Grotten" kunne bli barnehage – for kunstnerbarn, skriv VG den 6. november 1969, og avslutter lett lakonisk: Etter statsrådens svar i går, skulle det være klart at Einar Gerhardsen for tiden er den eneste kandidat til "Grotten".

Arnulf Øverland var avliden, då tema kom opp i Stortinget: Kva skal ein no gjere med Grotten? Svaret var sjølvsagt å halde fram tradisjonen med æresbustad for kunstnarar. Arne Norheim og familien hans flytta inn, og budde der til dåverande kulturministar Anniken Huitfeldth valde seg Jon Fosse som æresbuar.

Etter eitt år i Ibsens gamle heim, veit eg romma ein bur i, gjer noko med ein. Med haldninga, og sjølvkjensla. Med korleis ein tenkjer, kva ein skriv. Ibsengården har eit par kvitmålte benkar, der eg har funne stor ro, i sommar. Mellom buskane i øvre hage, der er takhøgda uendeleg, for påfunn eller meir vitskapeleg tekstforskning. I forstua av bustaden er dei gamle, tunge trestokkane berre. Var det her Knud Ibsen skribla på veggane, den gongen dei meinte han vart smågalen?

Ibsengården, Skien © Mette Karlsvik

"Alle forfattarar sin æresbustad", blir ho kalt, DnFs hytte i Audalen. Noko organisering skal til, for å komme seg dit. Men Heimstugu gir attende alt ein ofrar, for turen. Det var knapt dagslys då eg nyleg av der. Men sola lyste opp skydottane, og sette fem små soler på himmelen, over skisporet. Der er ei varme i veggane, og ei historie, i hyttebok og i møbel. Jon Michelet, kan ein lese, i hytteboka, fann kvile her i stugu, etter sterke inntrykk under politiske aksjonar i nabodalen. Her er signatur av Kjell Askildsen, og side på side med forteljingar frå Ann Kavli, Per Ove Kaldestad, Dag Larsen, Brit Bildøen, Line Baugstø. Og når det er sagt, og mens høyrespelet mumlar i bakgrunnen, kjem eit anna skodespel meg i hug. Fyr på peisen. Line Baugstøs trekantdrama har ei enkel hytte som ramme. Ei hytte utan straum og vatn, og med den der peisen, den store, som på Hemstugu. Jau, forfattaren bør kunne velje omgjevnadane sine. Men han kan ofte ikkje gjere det.

Skien Kommunes kunstnerstipend er det nærmaste vi kjem, i Noreg, ein æresbustad for kunstnarar. Ein som alle kan søkje til.

Mens eg vaskar desse veggane, gjer godromma klare til etterkommaren min, tenkjer eg på kor heldig eg var i år. Og oppmoder alle kunstnarar til å søkje dette stipendet, i åra som kjem. Og for dei som skriv, finnst Hemstugu. Dei hadde ingen Hemstugu, Fosses Asle og Alida, då dei vandra i Bjørgvin, den gong då. Men dei hadde noko anna, som holdt dei varme. (…) og så seier dei ikkje noko og alt er avgjort og det er ikkje noko som korkje skal eller bør seiast, alt er likevel sagt og alt er likevel avgjort (…) (Andvake, s. 43)