Heggelund (f. 1932) var litteraturforskar, lyrikar og omsetjar. Han blir rekna for å ha bidrege til ei fornying av norsk lyrikk med debuten Reisekretser (Aschehoug (1966)) og dei neste samlingane I min tid og Punkt . 8. Blant omsetjingane er dikt av Mao Tsetung, som han gjorde med Tor Obrestad i 1971, og Slovakisk surrealistisk poesi (1984).
Heggelund fekk Mads Wiel Nygaards legat i 1967, Dagbladets lyrikkpris i 1968, Det Norske Akademi for Sprog og Litteraturs pris 1995 og Herman Wildenveys poesipris 1996.