Kortliste til Tarjei Vesaas debutantpris

Paal Maage Elstad (f. 1990)Kun en liten del av universet (Vigmostad & Bjørke, 2015) er ein skarp og leiken poesidebut. Elstad skriv fram små topografiske…

4x

Paal Maage Elstad (f. 1990)
Kun en liten del av universet (Vigmostad & Bjørke, 2015) er ein skarp og leiken poesidebut. Elstad skriv fram små topografiske diktessays der bruken av gatelykter og leselys skin inn over diktarstemma og tilbake på undersøkingane dikta rommar. Dette lyset er raust og held ”(…) husets indre monolog i gang.” Ønsket om å omkoda heile universet til språk viser ei omsorg for arbeidet og arbeidaren. Elstad sine dikt sidestiller det biologiske (”hjertets lukt”) med dikt som borrar djupare i det psykologiske (”barndommen-dommen”). Heilskapen er uanstrengt og gir ei god lesaroppleving.
 
Maria Navarro Skaranger (f. 1994)

Alle utlendinger har lukka gardiner (Forlaget Oktober, 2015) har ein eigenrådig språkgrein med utgangspunkt i det ”kebabnorske”. Romanen er eit vitalt generasjonsportrett med Romsås i Oslo som bakteppe, men er også et slags portrett av språket sjølv og den tida vi lever i. Skarranger skriv med skarpt erfaringsblikk på eit ungt miljø mange kan kjenna avstand til. Boka er også politisk, i den forstand at den gir oss eit portrett av det som angår staten, og menneska i han. Språket mogleggjer ei formidling av kulturelle barrierar og tabubelagt tematikk, begeistra skrive fram og naturleg observert av Skaranger.
 
Maria Dorothea Schrattenholz (f. 1980)  

I Atlaspunkt (Forlaget Oktober, 2015) følgjer vi mennesket frå eit utspring og vidare inn i ei framtid der planeten Mars er tilhaldsstad. Bokas fokuserte, poetiske gravearbeid er imponerande i si standhaftigheit. Språket er neddempa og har ein fin miks av nye språklege bilete lagt inntil ei tradisjonell, lyrisk plattform. Menneska som er ”fanga i oksygenet” er likevel til å kjenna igjen som tilpassingsdyktige vesen. Om det blir ført ein eksistensiell kamp gjennom boka, er balansen mellom å overgje kroppen til elementa og strevet etter å overleva, saumlaust og imponerande turnert. Schrattenholz er medviten sitt science fiction-prosjekt og fangar ei framandgjering som kan ”hentast ned” og skapa effekt i det samtidige.   
 
Kenneth Moe (f. 1987)

Rastløs (Pelikanen, 2015) er ein roman i kortform som imponerer med sine konsise og uthaldande undersøkingar av einsemd, depresjon, begjær og kjærleikssorg. Bokas litterære samtale, frå han til ho, gir tankekraft og næring som fører stillstanden rundt ein ung manns innestengte liv, framover. Og den lengta og handlingslamminga som kikkar ut på livet gjennom sprekkene i persiennene, held smerte og språk oppe. Boka fortel oss om det håplause mellom menneska i kjærleiksbrotet, men når det får virka, ligg håpet nettopp i litteraturens og her: brevets verknad. Slik er Moes prosa også ei undersøking som peikar utover det individuelle og vonde, for som han skriv: ”Et helt liv fullt av lengsel, og ingenting annet. Noe må gjøres. Så jeg skriver brev.”