Aktuelt

Kulturrådet får nye søknadsskjema i Altinn

Kulturrådets egne nettsider: http://www.kulturradet.no/sok-stotte/vis-artikkel/-/kulturradet-far-nye-soknadsskjema-i-altinn Den største endringa er at du må ha elektronisk ID for å få tilgang til Altinn. I og med at vi…

kulturraadet_hvit_stor
  • Kulturrådets egne nettsider: http://www.kulturradet.no/sok-stotte/vis-artikkel/-/kulturradet-far-nye-soknadsskjema-i-altinn

Den største endringa er at du må ha elektronisk ID for å få tilgang til Altinn. I og med at vi går over til nye søknadsskjema kan du heller ikkje gjenbruke tidlegare skjema. Begge desse endringane gjer at du må setje av ekstra god tid denne gongen.  

  • ELEKTRONISK ID: http://eid.difi.no/nb/id-porten/hva-er-en-elektronisk-id-eid

– Valet om å bruke Altinn som ny skjemaløysing er tatt både fordi løysinga gjer den fleksibiliteten vi treng og fordi innlogging via ID-porten vil gje ein sikker identifikasjon av søkjaren, seier seksjonsleiar for søknadsforvalting i Kulturrådet, Guri Langmyr Iochev.

ELEKTRONISK ID

For å logge inn må du ha elektronisk ID. Dette er den same som du brukar når du til dømes leverer sjølvmeldinga. Dersom du ikkje har elektronisk ID, kan du lese om korleis du skaffar deg det på denne sid: http://eid.difi.no/nb/id-porten/slik-skaffer-du-deg-elektronisk-id

Verksemder som skal bruke organisasjonsnummer må ta høgde for at det kan ta litt tid å skaffe dette: https://www.brreg.no/

Foretaket må også tildele nødvendige roller og rettar til dei personane som kan representere dei i Altinn. Du finn informasjon om dette under fanen «Profil, roller og rettigheter» når du er innlogga i Altinn.

ABSOLUTT SØKNADSFRIST

Du må framleis gå inn på støtteordninga på våre nettsider for å starte søkeprosessen. Her vil du, som før,  finne ein søk støtte-knapp som du må klikke på for å kome inn på søknadsskjema.

Søknadsfristen er absolutt og det vert ikkje gjeve utsetjing, uavhengig av årsak. Søknader som vert sendt inn kl. 13.01 eller seinere vil verte avvist automatisk.

MIN NETTSTAD

Min nettstad vert lagt ned torsdag 6. oktober 2016. Alle aktive søknader vert overført til Altinn. Har du avslutta søknader du vil ta vare på, logg inn på Min nettstad før 6. oktober  for å lagre dei lokalt på di maskin.

KONTAKT

Har du spørsmål av teknisk art, ta kontakt med support@kulturradet.no.  Har du faglege spørsmål, ta kontakt med kontaktpersonane på dei  ulike stipend- eller støtteordningane