Aktuelt

Kva gjer han no, han som var leiar i Rådet?

– Eg finn attende til ei tone og ei stemning som eg hadde i debutboka. Det er ei god kjensle. Å gå på løa, koste…

© Kjell Bitustøyl

– Eg finn attende til ei tone og ei stemning som eg hadde i debutboka. Det er ei god kjensle. Å gå på løa, koste støvet av den gamle motorsykkelen, og sjå at han framleis fungerer, seier Versto, som fekk Tarjei Vesaas Debutantpris i 1991, og har hatt lyrikken sin tonsett – og gjort til hits av Odd Nordstoga. Frøken Franzen er ei. Tretten år etter den siste diktsamlinga hans, kjem romanen Nidaros.

– Eg har skrive andre ting i mellomtida. Eg har skrive artiklar og sangtekstar og ikkje vore heilt lam i skrivehanda, seier Versto. 

Versto har starta ein skriveverkstad i Vinje. Eit par av dei som gjekk der kom inn på forfattarstudiet i Bø til hausten. 

– Det har vore ein måte å halde litteraturen varm på det også. Det er fint å sjå at andre held på, og sjå dei gjere dei første forsøka sine på å komme inn på eit fruktbart spor. Dialogen som blir til på slike kurskveldar, det kan eg ta med meg som ei inspirasjon. 

– Når har du jobba med dette? 

– Den første kimen til romanen oppsto før eg gav ut den siste diktsamlinga mi, seint på nittitalet. Det låg meir eller mindre i ro. Men ideen var der. Eg sette i gong meir aktivt med å skrive rundt 2005 eller der omkring. Det har vore eit slikt prosjekt som ofte stoppa om vinteren og gjekk godt att om sommaren. 

– Kunne romanen ha vore ferdig før?

– Eg måtte kanskje ha så lang tid på det. Stoffet har endra seg, seier han, om dette verket, om tre karakterar som forholder seg til domen: På kvar sin måte, har dei vore knytt til domen. Dei forholder seg til einannan også, utan å vite om måten dei er knytt til kvarandre. 

– Kven er dei tre? 

– Ei kvinne og to menn. Kvinna er skodespelar og er oppvaksen i Vinje. Det er nokre skildringar frå bygda her som eg håper at folk kan kjenne seg inn i. Ein av dei andre er ein norsk komponist, og ein er oppvoksen på eit kloster i Tyskland. Denne tyske mannen er foreldrelaus og er oppteken av gotisk arkitektur, og studerer Nidarosdomen. Det viser at det er tettare band mellom dei enn dei trudde. 

Romankatedral

Avsnitt på avsnitt, byggjer Versto, som ein bygde stein på stein, til ein gotisk katedral. Katedralen mista litt, og vart påbygd. Tre hundre år tok det, før han var ferdig, om lag som vi ser han i dag. Over tretten år tok det Stein Versto å skrive romanen om domen, om hugseteknikkar, og ikkje minst om liva våre, om kva som påverker dei, og mytologien omkring forhold mellom mann og kvinne. 

– Slutten og byrjinga er sett i Nidarosdomen. Eg ser på romanen som eit byggverk. Eg har gjort det i ein litt bokstaveleg forstand også. Det er noko med at symbolspråket i dei gotiske katedralane bær i seg mange lag av meining. Eg prøver å innføre ulike lag av meining til romanen – både formmessig og i innhald. 

Arkitekturtema speler på romanforma. Hugseteknikk kan resonnere i Verstos skriveprosess. 

– For meg er romanen vellykka hvis forma kommenterer innhaldet, og viss den episke strukturen blir meiningsbærande på ein implisitt måte. For å seie det litt enklare: Eg knyter i hop ulike samanhengar og endingar og stader som ein ikkje trudde hadde samanheng. Romanformen er godt egna til å gjere dette. 

– Ser vi musikaren Versto i romanen? 

– Ja, det er snakk om å oppdage sammanhenger mens ein skriv. Og noko av det er ordlaus. Ein bruker ord til å vise scener, mennesker, kjensler, minne og stader. Men når dei først er vist, ein eller fleire gongar, då er det på eit vis ein slags ordlaus instans som skal knyte dei i hop. Den forma for kommentar og dialog har ein i musikk. 

– Ein av karakterane er komponist også. Er romanen då også om musikk, direkte? 

– Eg trur at det er ein grunn til det er ein komponist blant karakterane, seier hardingfelespelaren, som vil at laga i forteljinga skal kommunisere med kvarandre, og kommentere kvarandre.

I intervall på fem år, gav Versto ut diktsamlingane «Snø i partituret» og «Innfalda tid», begge på Samlaget. 

Så vart han leiar for Det litterære Råd. Der hadde Versto siste handa på stipendfordeling til norske forfattarar. Han har vore den som måtte rapportere til departementet om korleis Det litterære Råd har tenkt i fordelinga. 

Og det er han som har skrive eit uttal av grunngjevingar for tildelingar av litterære prisar og stipend. Med rådet i ryggen, såklart, men likevel, med den som har fronta avgjerslene. Når Frid Ingulstad gjekk ut i NRK og var lei seg for avslag om medlemsskap i DnF, då har Versto skrive meiningsbærande tekstar til avisene. 

Han har lese alt som var skrive av norsk skjønnlitteratur sia 2005, og også mykje av det som var skrive før det. For å vere med på å avgjere medlemsskapssaker til foreininga, og fleire titals millionar kroner i stipend. 

– Det har vore utruleg godt å vere fristilt. Eg fekk arbeide utan avbrot, seier Versto.

Sjå korleis det går! 

– Dei første bøkene dine vart godt motteke. Har du kjent forventningspress? 

– Vesaasprisen var ein puff i ryggen. Det har ikkje vore drepar. Det er andre grunnar til at romanen har tatt tid. Eg skulle forløyse stoffet forløyst, avdekke materialet, og få ut dette stofet som skal få ord. Eg skulle få ei form og ein estetikk på det, seier Versto og viser til ein annan forventning, den som han sjølv kan skape. Med positivt forteikn: 

– Når eg skriv skapar eg forventningar om eit framhald. det ligg ein invitasjon i starten til lesaren: Skal du være med og sjå korleis dette utveklar seg? Det er ein kontrakt med lesaren som ein held ved like heile vegen. Vil du også sjå slutten her? Det er ein dialog med ein fiktiv lesar. 

– Du er sjølv ein profesjonell lesar. Blir «Nidaros» ei god bok? 

– Nokre gongar synes teg at eg har fått til å seie noko som er viktig. Andre gongar er eg meir i tvil. Eg har ikkje noko eintydig svar på det. Eg trur vel det, at eg, uansett, har skrive ei bok som eg kan skrive – med min biografi og mitt interessefelt og så vidare. Eg håper at det er ei bok som ikkje så mange andre kan ha skrive. Eg skriv ut i frå ei slags nødvendigheit. Eg går med ei uro i meg om at dette er det viktig å få sagt. Eg må ha den kjensla for å skrive. det gjeld nok mange forfattarar. 

Myta «mann og kvinne»

– Kvifor trong dette stoffet romanforma? 

– Hovudgrunnen er ønsket om å fortelje ei historie, og prøve å seia noko om kvafor faktorar som påverkar liva våre. Det mytiske spelar ein større rolle enn vi ofte tenkjer på, og eg har arbeidt med å integrere innsikta om dette i romanforteljinga. Kvafor mytar er det som strukturerer vår sjølvforståing, på eit ubevisst plan? Korleis er vi fanga i vår eiga fortid; korleis legg det føringar på det vi ser og oppfattar, i møte med andre? 

– Ein akse i dette biletet, både i mytisk forstand og på handlingsplanet, er forholdet mellom mann og kvinne. Vi har ein lang veg å gå før vi har forstått dette til botnar. Eg har prøvd å ta opp dette temaet, og prøver å bruke myten for å kaste lys på det som skjer mellom dei tre personane i romanen. 

– Er det ein tematisk roman, eller meir eit språkprosjekt?

– Det er begge deler. Den første boka mi var å oppdage et prosaspråk som fungerte for meg. Så kom poesien. Poesi er noko anna, og han har eit anna språk. Språket frå debutarbeidet har kommet fram att. Det fungerer for å få sagt ulike ting. Både i forhold til å fortelje ei historie, men også slik at eg tenkjer visuelt. 

– Eg jobbar også med stemningar og rytme. Eg håper at både forteljaren og det meir poetiske aspektet er med. Gøran Tunstrøm vart spurd for nokre år sia om han ikkje sakna poesien. Han svarte at alt han var som poet, det putta han i romanen sin. Eg tenkjer at eg kjem til å skrive reine dikt igjen. Og eg gjer det. Men det er noko med romanen som gir store mulegheiter. 

– Har det å skrive roman gitt meirsmak? 

– Absolutt. Det er nok sannsynleg at eg kjem til å halde fram med det. Eg er fascinert av å få til ei historie. Det er også interessant språkleg. Eg trur at språket varierer ganske mykje i novellene i debutboka mi. Eg fann ein frekvens og ei tonelag som det var naturleg å bruke. Eg opplevde at det avdekte seg etterkvart som eg skreiv. Stemma og frekvensen kom att no. Når ein finn ei tone så er det mykje lettare å skrive.