Aktuelt

Kven eig språket?

Den norske språkdagen landar på ulike datoar kvart år. I år er dagen tilfeldigvis samanfallande med den islandske språkdagen. Den sistnemnte er kvart år den…

gerdur_og_hildur

Den norske språkdagen landar på ulike datoar kvart år. I år er dagen tilfeldigvis samanfallande med den islandske språkdagen. Den sistnemnte er kvart år den 16/11. I år er det tilfeldigvis også 100-årsdagen for utgjevnaden av De ulykkeligste. Boka kom ut i Oslo i 1916, og var skrive av den islandske filantropen og læraren Olafia Jóhannesdóttir. Olafia arbeidde i Oslo frå 1904, og skildrar i boka dei fattige på Grønland i Oslo. Difor står det ei statue av Olafia ved Vaterlands Bru. Og mellom anna difor vel den islandske ambassaden i Oslo å markere språkdagane her, med forfattarar frå alle landa. Ein forfattar er reint islandsk. Gerdur Kristny kjem frå Reykjavik for arrangementet og også å lansere den norske utgåva av det siste dokumentariske langdiktet sitt, Drápa. Ho, norsk-islandske Mimir Kristjanson og fleire, markerer språkdagane med ei live-sendt litteraturvandring gjennom Oslo. Sendinga og vandringa byrjar med videooverføring på ambassadens facebookside i morgon, i nyhenderedaktør Mimirs arbeidsplass Klassekampen, før vandring vidare til Vaterlands bru og Olafia-statuen. Vidare går vegen til Konserthuset og Nasjonalbiblioteket på Solli Plass, før eit litterært arrangement med opplesningar i ambassaden på Bygdøy. Strømminga byrjar på denne facebooksida i 12-tida, og sluttar rundt 17.30.