Aktuelt

Leikvolls minnepris til Rorgemoen

Jan Roar Leikvoll var ein forfattar som gav ut kritikarroste og prisvinnande bøker som Fiolinane, Songfuglen og Bovara, og som døydde brått i fjor. Forlaget…

13719651_1767855013492572_2504373799592240785_o

Jan Roar Leikvoll var ein forfattar som gav ut kritikarroste og prisvinnande bøker som Fiolinane, Songfuglen og Bovara, og som døydde brått i fjor. Forlaget som gav ut bøkene hans, Samlaget, oppretta då ein minnepris, som skal gå til ein lovande forfattar under 35 år. Prisen for 2016 vart gitt ut under Samlagets haustlansering på Sukkerbiten i går kveld, og gjekk til Kjersti Rorgemoen frå Telemark. Forfattaren debuterte med Purkene snudde seg på Kolon, og kom i fjor med andreboka si: Håpet og festen.

"En uvanlig god debut," skreiv Morgenbladet om debuten, og overveldende var også kritikkene frå bokstaveleg talt alle andre aviser, sjølv den elles nøkterne Odd W. Surén, som skreiv i Dag og Tid at det einaste som var feil med boka var at ho var for kort. Han ønskte seg meir.

Juryen, som var forlagssjef Håkon Kollmansskog, redaktør David Aasen og forfattar Nils Henrik Smith meiner blant anna at forfattarskapen til Rorgemoen «utmerkjer seg ved språkleg finesse, evne til å syne samanhengar der ingen ser ut til å finnast, og vilje til å sjå kvar ein situasjon frå alle andre synsvinklar enn den opplagde. Bøkene er stramme og presise, ville og fabulerande, komiske og alvorlege, absurde og djupt verkelege. Dei skildrar tilværets meiningsløyse på eit vis som gjer det meiningsfylt».

Rorgemoen fekk tidlegare i år Bokhandlerforeningens store stipend, og frå Samlaget fekk ho tidlegare også  Alfred Andersson-Rysst Legat.