Myter, katolsk ikonografi og Olav H. Hauge – på Rockefeller

"Sanningi" + elektroindie + gamle myter = popkonsert på Rockefeller denne veka. Olav H. Hauge var sjølvsagt ikkje på Rockfeller i eigen person. Han var…

"Sanningi" + elektroindie + gamle myter = popkonsert på Rockefeller denne veka.

Olav H. Hauge var sjølvsagt ikkje på Rockfeller i eigen person. Han var der gjennom stemma til rockefru Nina Grøttland Barnes. Nina, som i sin tid spelte i band med barnebokforfattar Eivor Vindenes, er no gift og har to barn med Kevin Barnes frå elektroindiebandet Of Montreal (OM). Sia dei to blei i lag, har OM hatt låter kalla ”Oslo in the summertime", "Heimdalsgata”, og no sist, "Sanningi" resitert midt i "Around the Way".

På Rockefeller i går, forsvann Kevin Barnes frå scena mens bandet hans spelte introen til "Around the way". Han kom inn att i ei heildekkande drakt. I ein kroppslang hijab? I ei munkekappe, som rekk over skallen på han? Trass i kledet, traff Barnes dei høge tonane som ein sølvgut. Kevin og bror hans, også han ein del av kunstnarkollektivet OM, og også han tidlegare aktiv i "Elephant Six", er oppdratt i relativt streng katolsk tradisjon. Difor er sceneshowet deira tett av religiøs symbolikk og ikonografi. Som ei førebuing på konserten, ringte vi The Barnes’ hushald for ein prat om symbolikk og Olav H. Hauge. Fru Barnes, Nina, tok telefonen: 

(Ein kort utgåve av intervjuet med henne blei trykt i Morgenbladet

– Var det din idé å resitere Olav H. Hauge frå Around the Way?

– Ja! Det var Eivor (Vindenes, frå Ethnobabes) som las ”Under Bergfall” for meg, høgt, ein gong. Eg var hekta, sjølv om eg er elendig på nynorsk.
– Kvifor ville du lese nynorsk på låta?
– Låta handlar om kjærleiksforhold. Det er ei låt som er veldig personleg for Kevin og meg. Det var meininga at eg skulle skrive noko sjølv, på norsk. Men bokmålet blei for platt for å uttrykke noko om dei høge toppane, og botnlause djupa i kjærleiken.