Norske barne- og ungdomsbokforfattarar i 70 år

  29. september 2017 var det 70 år sidan ULF, som seinare skal bli Norsk barne- og ungdomsbokforfattarar (NBU), vart stifta. Det feirar NBU denne…

 

29. september 2017 var det 70 år sidan ULF, som seinare skal bli Norsk barne- og ungdomsbokforfattarar (NBU), vart stifta. Det feirar NBU denne helga med jubileumsfest på Månefisken (fredag) og medlemsmøte med fagleg påfyll (laurdag). 

Midtveis i programmet på jubileumsfesten, annonserer skålmeister og programleiar Liv Gulbrandsen eit høgdepunkt. No skal «den beste prisen,» som ho seier, bli delt ut. Gulbrandsen introduserer NBU-leiar Taran Bjørnstad. Bjørnstad kjem opp og les grunngjevinga, som etterkvart skildrar vinnaren som «ein som har lesaren i fokus», og som jobbar for ei særleg viktig gruppe av lesarar; dei som synest det er vanskeleg å lese. Leser søker bok, ved leiar Liv Gulbrandsen får prisen. Dermed må Gulbrandsen opp att på scena.