Rapport frå ein skoddeheim

Trykk "les meir" for ein rapport frå Krimfest Sunnfjord, ein litteraturfestival som skjer mens du les dette, inne i Skoddeheimen. Krimkongar og DnF-medlem Gunnar Stålesen og Chris Tvedt er nokre av dei som får Førde til å grøsse.

Trykk "les meir" for ein rapport frå Krimfest Sunnfjord, ein litteraturfestival som skjer mens du les dette, inne i Skoddeheimen. Krimkongar og DnF-medlem Gunnar Stålesen og Chris Tvedt er nokre av dei som får Førde til å grøsse.
Bibliotekssjefen i Førde kjører forsiktig. Det har vore ei av dei første frostnettene i Førde, etter ein historisk flott september. I dag er den første dagen av oktober, og dagen som skal slutte med "Krimnatt i Angedalen". Men før den tid kjem, skal Maria Dombestein opp i dalen med nokre kasser bøker. Angedalen Skule lage "bokbakkeløp": Ein slags gøym og leit – leik langt inne i dalen. Og då er det at ei tåke legg seg kring bilen til Dombestein. Sikta blir redusert til eit miniumum. Det er mørkt som i skymta, sjølv om klokka er ti, og sola har fått nokre strålar gjennom dalen. Men tåka rekk ikkje sola gjennom. Den er tjukk som heksesuppa som Angedalen Skule førebur over eit bål ein plass der oppe. Og passasjeren, som er i Førde for litteraturfestivalen "Krimfest Sunnfjord", eg veit ikkje om dette er ein del av opplegget eller ikkje. Eg mysar ut i den plutselege og særdeles lokale tåka, etter spor av ei røykmaskin. Bare sekund seinare er vi på andre sia av skodda. Sola treff oss i auga. Vi drar solskjermane ned framfor frontruta.
– Kva var det?
– Det er elveskodda. Den pleier å ligge akkurat her, seier Dombestein, mens ho kjører, i femti – seksti kilometer i timen oppetter store, breie vegar. Det er ikkje ein einaste, møtande bil. Men temperaturmålaren i bilen seier null gradar. Nullføre er verre enn minusføre. Og kanskje blir det ei frostnatt i natt også. Domestein peiker opp til høgre.
– Det er der det skjer i natt, seier ho, og meiner "Krimfesten", kor DnF-medlem Chris Tvedt i kveld skal bli intervjua, og Gunnar Staalesen skal vise råfilm frå opptaket av den siste Varg Veumfilmen sin. Ein kar på ein nabogård her oppe spelte "liket" i filmen. "Alle" andre i bygda var statistar i denne filmen som er ein av seks om Varg Veum. Dei deler eit budsjett på 100 millionar kroner. Dette visste nok ikkje "Olaug Nilssen" då ho i sin tid skreiv om «Skoddeheimen»; ein skuggefullt område løynt nord for Bergen ein plass. No har også dei pengesterke filmfolka oppdaga den visuelle styrka i tåkebilde, og jobba tolv timar i døgnet i ein intens periode i sommar. Angedalen, altså, med sine femten bruer, sine uante djup og dammar med utsette gullfiskar. Dei lever og veks, og har blitt 15-30 cm kvar. Og Olaug Nilssen, forfattaren bak m.a. «Vi har så korte armar», «Innestengd i udyr», «Få meg på for faen» og «Nesten frelst av Sigvart Dagsland», ho kjem frå ein nabodal til Angedalen. Også denne dalen skal ha tilnærma kronisk skodde liggande langt nede. Derfrå kjem diktnad og dunkle mysterier.