Aktuelt

Sesongens første styremøte

Av sakene på auguststyremøtet var søknadar til manusmidlar for minoritetsspråklege, søkjarar til pilotprosjektet på DnF-initiert lydbokinnspeling, og medlemssøknadar som Det litterære råd behandla dagen før.  Adminstrasjonen…

Frå venstre: Tom Egeland, Kristine Tofte, Teddy Egeland, Jørgen Gunnerød (bak kaffikanna) og Kari Brænne.

Av sakene på auguststyremøtet var søknadar til manusmidlar for minoritetsspråklege, søkjarar til pilotprosjektet på DnF-initiert lydbokinnspeling, og medlemssøknadar som Det litterære råd behandla dagen før. 

Adminstrasjonen informerte elles om Strategiutvalet, som no er nedsett, ein gjennomgang av foreløpig rekneskap for DnF for 2017, og andre saker, som DnFs foreningshytte i Østerdalen, Hemstugu.

Etter Rådets møte i går var det eit felles møte med styre og råd. Dette møtet, som har vore gjennomført regelmessig sidan tidleg nittital, er ein arena for styre og råd å diskutere større, prinsipielle tema, og ta opp igjen måten desse to institusjonane er organiserte seg imellom, kvar institusjon sin autonomi og ansvar, og i går, særleg tilhøvet til vedtekter kva gjeld medlemssøknadar. img_2441.jpg

Alle var samde i at det var god stemning og bra energi på det første møtet etter sommarferien. Bak vassflaska er leiar i DnF, Heidi Marie Kriznik.

img_2440.jpg

Hospitant på dagens styremøte: Tom Egelands hund Teddy.