Aktuelt

Solidaritet på spel

Kronikken har óg stått på trykk i Klassekampen.  I Vestre Porsgrunn kirke sa vi fredag for ei veke sidan farvel til forfattaren Bjørg Vik. Mange…

edvard_hoem
  • Kronikken har óg stått på trykk i Klassekampen. 

I Vestre Porsgrunn kirke sa vi fredag for ei veke sidan farvel til forfattaren Bjørg Vik. Mange har skrive om leiken, kampen, krigen og kjærleiken mellom kvinner og menn, men Bjørg skreiv om moderne menneske, moderne kvinner og moderne menn, om utruskap og spenningar, slitasjen i ekteskapet, lyst og sorger, svik og lykke. For meg står bøkene om Elsi Lund aller høgast, dei høyrer med i min litterære kanon frå det 20. hundreåret. Der høyrer eg suset frå poplane på Sankthanshaugen på førti- og femtitalet, og der lyser også klassetilhøva i Oslo igjennom, sjølv om dei sjeldan blir omtalte.
    Bjørg Vik vart medlem i Den norske Forfatterforening i 1967, og foreininga var viktig for henne, men Bjørg var også viktig for foreininga. Ho var med i det store omskiftet som skjedde i åra etter 1970, da forfatterforeininga gjekk over frå først og fremst å vera ein litterær klubb til å bli ei fagforeining. Det var ei tid med harde tak, og vi som var aktivistar gjorde feil som det er grunn til å angre på, blant anna at vi tok reiste framlegg til vedtak som nødvendigvis måtte splitte medlemsmassen.
     Trass i desse overdrivingane tok ein ny, fagleg politikk form, der forfattarane gjekk saman om solidariske ordningar for å sikre levebrødet til alle medlemmer.
    Det første viktige gjennombrotet var at vi fekk til ein avtale med Bokklubben nye bøker, som på denne tida hadde ein eventyrleg medlemsvekst og selde samtidslitteraturen i titusenvis av eksemplar. Den norske Forfatterforening forhandla fram ein avtale, der utbetalt royalty den gongen utgjorde tolv prosent av netto medlemspris. Av desse 12 prosentane vart åtte prosent utbetalt til den forfattaren som hadde skrive boka. Fire prosent, altså ein tredjedel av totalhonoraret, gjekk direkte inn til Den norske Forfatterforenings Solidaritetsfond, som i velmaktsåra disponerte millionar av kroner, pengar som vart utbetalte som stipend til norske forfattarar. I dag er totalroyalty 15 prosent, og fire prosent går til Solidaritetsfondet, men prinsippet er det same.
     Det var mange som murra mot denne ordninga, og som meinte at dei hadde bruk for pengane sjølve, enkelte med god grunn. Eg minnest eit møte der Jens Bjørneboe reiste seg og erklærte at han var mot dette ufrivillige mæcenat! som han kalla det. Det var pengane for Haiene som stod på spel.
     Ei handfull forfattarar har sidan meldt seg ut av Den norske Forfatterforening i protest mot avtalen.
    Men ei rekke av våre fremste og mest folkekjære forfattarar stilte seg solidarisk med mindre heldige medlemmer, trass i at dei tapte pengar på det. Blant desse var Herbjørg Wassmo, Anne Karin Elstad og Bjørg Vik. Herbjørg Wassmo greip mange gonger på årsmøta for å forsvara dei solidriske ordningane. Bjørg Vik og Anne Karin Elstad gjekk stillare i dørene, men dei markerte kvar dei stod, og eg la merke til at ikkje minst Bjørg Vik var avgjerande for at solidaritetstanken sigra. Når vi stemte over viktige saker, sat enkelte og venta på kva Bjørg ville stemme, og da ho rekte opp handa, kom det mange hender i vêret!. Ho stemte for solidaritets-alternativet, som dermed fekk fleirtal i forsamlinga. Dei store endringane levevilkåra til forfattarane kom i Ebba Haslunds og Bjørn Nilsens leiartid, eller formannstid, som vi sa den gongen. Da fekk vi fleire statlege kunstarstipend som var utbetalte til norske forfattarar, medlemmer og ikkje-medlemmer, av vårt sakkyndige utval, som ber namnet Det litterære Råd. Endeleg nådde vi ved forhandlingar fram til at staten skulle utbetale eit vederlag for at bøkene våre stod til disposisjon i norske bibliotek, biblioteksvederlaget.  At staten stilte bøkene gratis til disposisjon gjennom biblioteka, førte og fører sjølvsagt til reduserte inntekter for den enkelte forfattaren.
    Den gongen gjekk ein tredjedel av det totale vederlaget til stipend, to tredjedelar til enkeltforfattarar, men ikkje etter omfanget på utlånet, slik ein har gjort det i andre land, der bestseljarane stikk av med mesteparten. Hos oss får ein utbetalt etter kor mange bøker ein har fått innkjøpt, minimum fem, maksimum 25 bøker, uavhengig av om dei blir utlånte eller ikkje. Alle som får vederlag, må dessutan søke om det. Ca. 45 prosent av bibliotekvederlaget hamnar i stipendpotten, slik ordninga er i dag.
     Det er lett å tenke at biblioteksutlånet påfører dei mest populære forfattarane individuelle tap. Men er det alltid sikkert? Før var det slik, men no er bøker konsumvare på ein annan måte enn på syttitalet. Dei som blir mykje utlånt får også drahjelp i bokhandelen. Dette veit eg av eiga erfaring. I tillegg får hundrevis av andre forfattarar store og små stipend så dei kan utvikle seg vidare.
    Kvinner som Anne Karin Elstad og Bjørg Vik søkte også stipend innimellom, men gjennom solidaritetsfondet gav dei meir enn dei tok imot. Dei var med på å sikre at ein ny generasjon forfattarar, ikkje minst kvinnelege, kunne utvikle seg og utfalde seg.
    At ein anerkjenner kvarandre som kollegaer, er eit viktig vilkår for at solidariteten kan bli ein realitet. Derfor kjem vi ikkje unna ei fagleg evaluering når det gjeld medlemsopptak. Det vil alltid rå ulike syn når det gjeld korleis høgt eller lågt ein skal legge lista for medlemskap. Eg har ikkje vore aktiv i foreininga etter at eg fekk statsstipend i 2011, så eg kan ikkje uttala meg om situasjonen i dag. Så vidt eg veit, vil også den nye forfattarorganisasjonen, Norske Forfattere, basere seg på normalkontrakten, og det er viktigare enn noko anna. Den dagen normalkontrakten ryk, vil dei unge og ukjende få ein slikk og ingen ting i royalty, medan dei mest populære kan mangedoble inntektene sine. Da vil den solidariske politikken bryte saman, og kampen for gode levevilkår forfattarane vil bli sett mange tiår tilbake. Det er dette, og ikkje noko mindre som står på spel når Den norske Forfatterforening held årsmøte i mars.