– Språk, ein permanent forsvarskamp

Kvart år arrangerer DnF treff for nye medlemmar i organisasjonen. Det skjer kvelden før det årlege medlemsmøtet. I år er treffet 11/12, fredags kveld. Noko…

dag_sigmund_seminar

Kvart år arrangerer DnF treff for nye medlemmar i organisasjonen. Det skjer kvelden før det årlege medlemsmøtet. I år er treffet 11/12, fredags kveld. Noko av funksjonen til treffet er å informere medlemma i kva DnF har vore og er, kva foreninga arbeider for, og kva skil foreninga frå frå andre foreningar. Møtet skjer i Forfatternes hus, med ein semimardel som blir innleia av Dag Larsen. Larsen debuterte som forfattar i 1977 og har sidan gitt ut 19 bøker for barn og voksne i diverse sjangre. Han har vore leiar i  Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, har hatt verv i DnF og er no undervisningsleiar ved Norsk Barnebokinstitutt, som har en egen forfatterutdanning. Det siste tiåret har han vore ordstyrar under DnFs årsmøte, og drar veksel også på det siste når han legg fram, for dei nye medlemma i DnF, korleis det fungerer, det å vere fagorganisert innanfor litteraturpolitikk. 

mindre.jpeg

Larsen informerer om bakgrunnen for den første forfatterforeninga. Staden var Frankrike. DnFs modell er på mange måter den franske forfatterforeningen, og det historiske bakteppet var den franske revolusjonen og opplysningstida. Trykkpressa var ikke bare et instrument for publisering, men også et symbol for ytringsfrihet. Slik sett skulle typografene bli en alliert for norske forfattere, en alliert som ikke er blitt så synlige i etterkant. Men DnF skiller seg fra fagrørslene, først og fremst ved å være blanding av laug og forening. 

– Det litterære rådet står for laugssida av foreninga. Deira primære oppgåve er å innstille på opptak av medlemmer, og innstille forfattere til ulike stipend. Styrets primære oppgåve er å føre foreiningspolitikken, først og fremst å sikre rettane til forfatterane. I Noreg har vi eit helt unikt system gjennom lova om bibliotekvederlag, der vederlaga for bokbestand i biblioteka ikkje blir betalt ut individuelt, men kollektivt. Det blir fordelt til stipend, medlemsrettede tiltak og drift av foreningene. Det har gjort DnF sterk. Ein kan godt seie at alle skribentrørslene i landet også er stipendmaskiner. Det har kanskje vore den viktigaste grunnen til at norsk samtidslitteratur har vokst seg såpass sterk, seier Larsen. 

Dei første to hovudområda som Forfatterforeningen var opptekten av, var kontraktstilhøva og stipenda. 

 – To leiarar, med sine nestleiarar, har vore særleg viktige, seier Larsen, og peiker til Peter Egge og Ninni Roll Anker og Sigrid Undset. Egge og Roll Anker leidde DnF frå 1913-1916, Egge igjen i 1935, og Undset frå året etter, frå 1936. I Egges lederperiode tok DnF tak i honorarordninga, og endra den til ein royaltyordning. Den nye ordninga måtte leve side om side med den gamle honorarordninga heilt til etter krigen. Men det var altså i Egges periode (den første, ved første verdskrig) at DnF introduserer det som skal bli normalkontrakta. 

– Men vent litt, kva er royalty? 

– “Royalty” kjem, opphaveleg, frå gruveindustrien. For forfattarar handlar det om ideelle rettigheter og litterær eigendomsrett, forklarar Larsen, og fortel vidare: Det er særlig store reformar og nye lover for skule og folkebibliotek som frå byrjinga av 1900-tallet og i mellomkrigstida meiner mykje for forfatterne. Med skule og bibliotek for alle blir det ein marknad for litteratur ved sida av bokhandel. Dette gjeld enno. Men også innenfor den kommersielle omsettinga av bøker blir konkurransa mellom forlaga sterkare når Knut Hamsun og Harald Grieg startar norsk Gyldendal, fortel Larsen, og held fram: 

Etter krigen starter bygginga av en norsk einskapskultur. Her skal staten spele ein heilt nye rolle. Staten skal inn i kulturpolitikken. Dette var tilsynelatande nytt. Men det er noko tatt opp frå opplysningstida – igjen; som tanken om å ha ei forening. Det handlar om å gjere den offentlege borgarlegheita til allemans eige. Kulturen blir tilgjengeleg og kjent gjennom Norsk opera, bygdekinoar, NRK og andre små og store institusjonar. 

 – Tenk dykk kor viktig Barnetimen var for barnelitteraturen og forfattarane då den kom, seier Larsen. På femtitalet ønskjer staten å vere aktiv i litteraturpolitikken. Men her er eit sprik mellom lære og liv. Antalet norske skjønnlitterære titllar stuper, Staten tar inn 8 millionar kronar på litteratur, og gir 400 000 kronar. Til samanlikning får teatra ti millionar. Når dei ser spriket mellom ønske og røynd, kjem innkjøpsordninga til, i 1959. Ho kjem ikkje til av seg sjølv, men med hjelp foreiningsfolk frå DnF og m.a. politikaren Helge Sivertsen. I 1960 kjem Norsk kulturfond, seinare Norsk kulturråd, til. Mandatet som var formulert då består også i dag. 

 – Men Kulturrådet er utsett og stridbart, seier Larsen. Problemet er at både bokmarked og kulturpolitikk er endra siden opprettinga av Norsk Kulturfond. Difor fortonar kampen for å hegne om norsk språk, styrke norske folkebibliotek, bibliotekvederlag,bransjeavtale med fastprisperiode, normalkontrakt mellom forfattar og forlag, som ein permanent forsvarskamp, seier Larsen. 

Etter Larsens framlegg fortel leiar i foreninga, Sigmund Løvåsen og generalsekretæren, Mette Møller, om erfaringa med å jobbe for DnF dei siste åra. 

 – Det er mykje forsvarskamp, seier Løvåsen, og underbygger det som Larsen seier om gode ordningar som er under press: “Det er mykje lobbyarbeid og mykje politisk arbeid.

Dina Roll-Hansen informerer om Norlas arbeid generelt, og satsinga mot Frankfurt 2019 i særskil: (Frå venstre: Hilde Lindset, Dina Roll-Hansen, leiar i DnF, Sigmund Løvåsen, og til høgre: Soudabeh Alishahi.)

dina_held_framlegg_for_og_fra_norla.jpg

oivind_mindre.jpegLeiar i Internasjonalt utval i DnF, Øivind Hånes