Aktuelt

– Språket skal vere klart

Hilde Kristin Kvalvaag vart fødd i Oslo i 1968, og vaks opp utanfor Bergen. Ho studerte sosialantropologi  og gjorde feltarbeid i Nord-Irland før ho studerte…

hilde

Hilde Kristin Kvalvaag vart fødd i Oslo i 1968, og vaks opp utanfor Bergen. Ho studerte sosialantropologi  og gjorde feltarbeid i Nord-Irland før ho studerte ved Skrivekunstakademiet i Hordaland. Kvalvaag debuterte som forfattar i 2003 med ungdomsromanen Hjarteklapp[LD1] . Den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris for. Eit par år seinare kom andreboka, Nattsommarfugl, som gav ho endå fleire prisar. Den første vaksenromanen kom i 2008, til strålande kritikkar og prisar som Samlagsprisen og Sparebanken Vest kunstnerstipend. Endeleg fekk ho Brageprisen for ungdomsromanen Fengsla i 2010. Og med vaksenromanen Lev vel, alle, er ho no medlem i DnF.

Samtidig med forfattarskapen lagar Kvalvaag podcast om forsking, og ho har redigert og skrive for forskningsformidlingsbladet Hubro ved Universitetet i Bergen. Der har ho mellom anna omsett «professorisk» til eit meir tilgjengeleg språk. Kva har dette gjort med språket som ho nyttar når ho skriv skjønnlitteratur?

HKK: Eg håper at dette ikkje har gjort noko med språket mitt, for i såfall tviler eg på om det hadde blitt til det bedre. Å skrive akademiske romanar, vel, det hadde blitt lange og omstendelige greier. Eg håper heller at ei og anna poetisk setning har gøymt seg i formidlinga eg har gjort på UiB. Muligens har nærkontakt med akademia fått meg til å bli besatt av at språket skal vere klart, men språkleg sett eg er langt meir påverka av annan skjønnlitteratur enn av akademisk språk, akademisk tenkning derimot er noko anna. Det har eg stor sans for.

MK: Kva har Hubro-arbeidet gjort med tema du vel å skrive om?

HKK: Det eg vel å skrive om, eller måten eg vel å skrive om det på, er nok litt inspirert av forsking eg har støtt på på UiB. Eg har intervjua utruleg mange kunnskapsrike forskarar og sugd til meg kunnskap om til dømes psykologi, antropologi, kjønnsteori, litteratur og klima. Men at dette er særleg tydeleg for andre er eg ikkje så sikker på. Nokre møter med forskarar har hatt ekstra stor betydning. For mange år sidan, før eg hadde gitt ut mi første bok for vaksne,  intervjua eg til dømes Atle Kittang om politisk litteratur. Han sa at eit litterært verk kan vere opptatt av ting på mikroplanet og dermed opne for innsikter på makroplanet. Eitt av eksempla hans var Virginia Woolf. Han sa at det som gjer henne så stor er at ho går inn i «dei små tings bevissthetstilstandar». For meg var dette revolusjonerande kunnskap. Tenk at det trivielle livet, til dømes med mødrer og barn også kan kallast politisk. No i 2016 er dette kanskje sjølvsagt, men Kittangs ord sette mot i meg til å skrive om det som interesserte meg mest; om korleis vi oppfører oss mot kvarandre, og korleis det er å vere kvinne og mor.

MK: Korleis vi oppfører oss mot kvarandre, det skriv du også om som ungdomsbokforfattar. Du fekk KDs litteraturpris for barnebokdebuten og Brageprisen for ungdomsromanen Fengsla. Mellom mykje, mykje anna, som du har fått for BU-litteraturen. Også vaksenlitteraturen har vore svært godt motteke. BU- og voksenbøkene dine: Er dei ulike forfattarskap? 

HKK: Nei, eigentleg ikkje. Det er folk som slit og kjempar, er einsame og håpefulle, det er berre alderen som skil dei. Men på eit vis er det tryggare å skrive for barn og unge, det er lengre frå den eg er i dag, vaksenbøkene kostar meg meir å skrive, både fordi dei liknar på livet eg lever no, og fordi tankearbeidet på eit vis er hardare.

MK: Det kan hende at eg drar alt langt i det følgjande. Men eg prøver meg: Som forskningsformidlar er du kanskje med på å finne ei stemme for stoffet som du skal formidle, for forskningstekstane som du skal finne eit godt språk for. Har arbeidet med forskninga gjort noko med måten du forskar i språket?

HKK: Eg veit ikkje om det er forskinga si skuld, men eg liker å skrive for å undersøke, sånn sett liknar romanskriving eit forskingsprosjekt. I min siste roman Lev vel, alle prøver eg å finne ut korleis ein kan tole livet når det er blitt umulig, korleis kan ein komme seg ut av vonde spiralar. Kva betyr naturen for menneske? Er det ei helande kraft der? Eg fekk litt tips av ein psykologiprofessor om korleis traumer går i arv, ofte er det slik eg jobbar, eg går til forskinga for å få bekrefta at ting faktisk er slik eg trur det er, så let eg karakterane så og seie handle i lys av dette.  Eg har stor respekt for kunnskapen forskarar brukar eit heilt liv på å fordjupe seg i.

Korleis ein tole livet når det er blitt umulig, korleis kan ein komme seg ut av vonde spiralar. 

MK: Kva har dette gjort med deg som skjønnlitterær forfattar?

HKK: Det veit eg ikkje, kanskje har det gitt meg litt breiare kunnskap enn om eg hadde skrive på full tid. Eg studerte antropologi sjølv, og har alltid interessert meg for menneske og samfunn, for korleis ting heng saman, slik sett er eg kanskje like opptatt av innhald som form. Motivasjonen min for å skrive er å belyse livserfaringar, forhåpentlegvis skrive godt og avogtil morsomt om det som er uuthaldeleg, men aldri å skrive kun for språkets eiga skuld.

MK: Kva synest du er godt språk?

HKK:  Det kan vere så mykje. Eg har mange forfattarskap eg set høgt, og kan sette pris på svært ulik stil, men oftast likar eg best eit språk som ikkje fortel alt, at det er ein mystisk rest att i teksten. Samtidig må språket vere klart. Det må vere truverdig, og helst originaltMen kanskje viktigast av alt, det må vere ein mørk humor der, så elendigheita blir til å halde ut.

MK: Heilt til slutt; kvifor vart du eigentleg forfattar?

HKK: Det verka som den einaste måten å få verda til å henge saman på, og det stemmer faktisk, uansett kor hardt det kan vere å skrive, er det ingen andre stader ein kan ha det så fantastisk i sitt eige selskap som ved skrivebordet.