Språkvandring i hovudstaden

Klokka 12, 16. november 2016, stiller ein velkledd herremann opp eit fotostativ framfor Olaifastatuen, Vaterland bru. Framfor statuen stiller to forfattarar seg opp. Den eine…

olafia_mimir_og_gerdur

Klokka 12, 16. november 2016, stiller ein velkledd herremann opp eit fotostativ framfor Olaifastatuen, Vaterland bru. Framfor statuen stiller to forfattarar seg opp. Den eine snakkar til kamera, og helser velkommen til denne direktesendte poesivandringa i Oslo, og introduserer Gerdur Kristny. Den islandske poeten les frå sitt dokumentariske krimdikt, Dråpa, før gjengen takk for merksemda og ønskjer velkommen til neste språkstopp, som vil vere under klokka på Oslo S. 12.25, presis, seier den velkledde herremannen, før følgjet vandrar vidare. 

Språkvandringa gjennom Oslo byrjar allereie våren 2016 med at den islandske ambassadøren i Oslo, Hermann Ingolfsson og fruen, Hildur, møter den islandske poeten Gerdur Kristny. Dei set så stor pris på møtet og på poeten at dei ser etter måtar å invitere henne attende til Oslo, til nye arrangement. Slik for dei ideen om å markere den islandske språkdagen med eit særleg arrangement. Dei tar kontakt med forfattar og nyheitsredaktør i Klassekampen, Mimir Kristjanson og meg. Eg blir kontakta fordi eg har lagt handlinga i fleire romanar til Island. 16. novemver, klokka 12.25, blir også eg med følgjet, framfor kameraet, for å feire språkets dag.

Vi har snakka i nokre minuttar, snakka om språkdagar, om norsk, islandsk og gamalnorsk, når forleggar i Magikon forlag, Svein Størksen, kjem av toget frå Ski. Han skal bytte tog, skal vidare til Shanghai men Hei, vent litt: lat oss Shanghaie Størksen først og spørje kva han skal til Shanghai for. Eg har kofferten full av bøker som eg skal formidle til folk der, forklarar Størksen, som dreg på ein ganske stor koffert. Sørasiatiske forlag har blitt svært glade i norsk barnelittertur, sædrleg, fortel Størksen, og forklarar kva det er dei liker særleg godt: norske, illustrerte bøker, særleg, er dei interesserte i. 

kva_seier_du_lite.jpg

(– Hvað segir þú?/ Kva seier du? seier Gerdur Kristny. På Tommis burgerjoint i Skippergata er alle dei tilsette islandske innvandrarar til Noreg. T.h. Mimir Kristansjon)

13.00, lunsjtid. Lunsj eter vi på Tommis burgerjoint, som er den einaste islandske hamburgerbaren i Oslo. Tommis er ei bittelita bule rundt hjørnet frå Forfatternes hus. I denne moderne sjappa diskuterer vi framtida til språka. To språk som begge er små og treng ein kontinuerleg kamp for å bli holdt levande og sterke. 

– Er Island amerikanisert? spør ambassadøren.

– Det som er sikkert, er at Island har hatt ein amerikansk base i over 50 år, svarar Gerdur Kristny. Både før og seinare har engelskspråklege vore nærværande på øya. På Island er det å finne opp nyord institusjonalisert og finansiert av staten. I Noreg, fortel eg Gerdur, har det blitt poetenes ansvar, det å finne på dei nye orda. Det er som med mannen som ein feirar denne dagen, seier Gerdur, og fortel bakgrunnen for at den islandske språkdagen er nettopp 16. november. Det er fødedagen til Jónas Hallgrímsson. Han var merkeleg, seier Gerdur, men ikkje merkeleg som i den norske forståinga av ordet, seier ho. Han var kreativ, mystisk, og fant opp heilt nye ord. 

– Kva tenkjer de om framtida til desse relativt små språka? spør ambassadøren.

– Det kostar pengar å halde eit språk levande og å unngå anglifisering, bemerker Mimir. Islandsk er kjent for å lage nye islandske ord heller enn å ta dei engelske. Det er ei utgift for staten. Under boomen kom særleg mange engelske ord om finans til Island. Bankar skal ha foreslått at ein brukte engelsk i tekst og samtale om finans. For det skal dei nesten ha fått gjennomslag, fortel Gerdur. Så mykje lit sette folk til finansfolk då. No er det ord om data og informasjon som er utfordringa. 

– Ein har forsøkt lenge å finne eit godt ord for til dømes Facebook. Fjesid og liknande. Men folk seier Facebook, seier ho. Mimir trur google sit med ein del makt i høve språk. Han fortel om då dei færøyske forsøkte å få sitt språk inn i Googles omsetjings-side «google translate».

– Ein sa då at om færøysk ikkje kom inn der, betydde det kroken på døra for språket. 

Kristin Fridtun held foredrag om språk og kjønn når vi kjem til Konserthuset. Ho lar seg også sjanghaie, frå flokken av tilhøyrarar, til eit opptak med forfattarane. Fridtun fortel om 

– Har du eit islandsk favorittord, spør Gerdur Fridtun. 

– Skundibiti, seier Fridtun. Hurtigmat eller skyndteseg-betta, forklarar ho. 

– Og mitt, seier Mimir, og deler favorittordet sitt: Gluggavedur. Det er vêr som ser godt ut innanfrå, eller andre vegen rundt: Det ser ut som at det er surt, men når ein kjem ut er det ikkje så ille likevel. Gjennom dei store vindauga i hallen til Konserthuset ser vi regnet ramle og ramle. For Mimir, som kjem frå Stavanger eller meg, frå Nordmøre, er det klassisk novembervêr. Vegen er dessutan kort frå Konserthuset til varma i Nasjonalbiblioteket, der vi blir tatt godt i mot av mellom andre Dag Larsen frå Norsk barnebokinstitutt og avdelingssjef for avdeling for forskning og formidling, Hege Stensrud Høsøien. Her blir det prat om det å ta vare på språket, arkiv og konservering, før og no, før vandringa sluttar på ambassadørbustaden på Bygdøy.