Aktuelt

Styret på omvisning på Tøyen bibliotek

– Alt begynner med kommunikasjon, seier Reinert Mithassel, som leier Biblo Tøyen. Han har vore sentral i utveklinga av heile Tøyen Bibliotek, som begynte med at…

Styremedlemma Kari Brænne (frå venstre), Øivind Hånes, Tom Egeland og Sigbjørn Skåden, med bibliotekesleiar på Tøyen bibliotek Reinert Mithassel (t.h).

– Alt begynner med kommunikasjon, seier Reinert Mithassel, som leier Biblo Tøyen. Han har vore sentral i utveklinga av heile Tøyen Bibliotek, som begynte med at avdelinga fekk utveklingsmidlar frå bydelen og som har resultert i eit totaltombygd og nyskapande bibliotek som har engasjert arkitektar, designarar, håndverkarar og kunstnarar frå inn- og utland, og blitt til eit hus som formidlar litteratur gjennom lystprinsippet. I dette huset skal folk bruke tid fordi dei elsker å vere der, og stikkord er, skal vi som er på omvisning forstår Mithassel rett: uføreseieleg, uhøgtideleg og stort sett resirkulert interiør, livescene, møterom, kinorom, rom som både kan vere intime og kollektive og individuelt tilpassa.  

Då styremedlem stilte spørsmål ved forholdet litteraturformidling- og dei andre mindre litteraturrelaterte aktivitetane på biblioteket, svarte biblioteksleiaren at det som er rundt bokutlånet forhåpentlegvis skal, på sikt, lokke fleire, særleg unge, til å lese bøker. Men det tar tid å skape tillit og lage interesse og glede for litteraturen, påpeiker leiaren, og viser óg til det problemet at ikkje alle les norsk godt. Dei tilbyr óg leksehjelp, og ikkje minst rom for å gjere leksene i. 

img_1452.jpg

Kerstin Bennett (frå venstre), Sigbjørn Skåden, Heidi Marie Kriznik, Tom Egeland, Kari Brænne frå DnF med bibliotekesleiar på Tøyen bibliotek Reinert Mithassel (t.h).

Biblioteksleiaren ønskjer gjerne innspel på å fylle alle arenaene med aktivitet, og vil vere glad for innspel frå forfattarane. Biblioteket kan bidra med lokalitetar, scene og annan hjelp. 

img_1467.jpg

Tom Egeland (bak).

img_1475.jpg

Nestleiar Sigbjørn Skåden (t.h) prøver ein av båsene for lesing og arbeid på Biblo Tøyen. Bak: Reinert Mithassel og Heidi Marie Kriznik.