Aktuelt

Tankar etter møte

Gode medlem i Forfatterforeningen, Takk for eit innhaldsrikt møte med rause, gode innlegg. Innlegga var om forfattarar sin omgang med kjelder. Det gjaldt både historiske…

karlsvikmette

Gode medlem i Forfatterforeningen,

Takk for eit innhaldsrikt møte med rause, gode innlegg. Innlegga var om forfattarar sin omgang med kjelder. Det gjaldt både historiske kjelder, og biografisk materiale. Eg satt att med disse spørsmåla:

1. Diskuterar vi eigentleg forfattarrollen?
2. Diskuterar vi eigentleg kva ideal som rår i litteraturen?
3. Handlar alle disse innlegga eigentleg om det grunnleggande spørsmålet: kva plass har forfattaren i Norge i dag?
4. Går det an å diskutere skjønnlitteratur på generelt basis, utan å diskutere kvar sjanger særskilt?

Ein av innleiarane var Geir Gulliksen. Han nemnte boka ”Dobbeltkontrakten” som blei gitt ut i Danmark for noen år sidan. Den handla om biografisme.

Også Martin Eide har skrive ein tekst kalla Dobbeltkontrakta. Han er professor i journalistikk. Essayet er om forholdet mellom informasjonsarbeid og litteratur. Han meiner at både informasjonsarbeidaren og forfattaren er viktige for eit velfungerande demokrati, men at forskjellen på rollane er først og framst etisk. Journalisten har ei kontrakt med samfunnet. Forfattaren har ikkje det, og står, i prinsippet, fri frå formelt ansvar.

”Samfunnskontrakta”, som kontrakta kalles, er slik: Samfunnet gir journalisten innsyn i offentlege dokument, samt retten til å verne om kjeldene sine. Til gjengjeld, gir journalisten samfunnet korrekt, og helst objektiv, informasjon. Det blir forventa at journalisten er ansvarleg, og at han heile tida er open om metodane, kjeldene, og fortallarposisjonen sin.

Forfattaren er altså formelt fri frå ansvar. Men Torill Brekke peikte på dei uskrivne lovane våre. Folkeskikk gir skrivereglar også for forfattarar.

Geir Gulliksen har skrive eit bokessay som heiter ”Poetokratiet”. Det kom ut på Spartakus i 2007. Under poetokratiet var forfattar – og journalistrollene blanda. Både før og etter var skilla tydlegare: Journalistikken har eit openheitsideal. For litteratur, rår ulike ideal for ulike sjangrar. Men også innanfor sjangrane, er det ulike ideal. Noen framsett ”det tildekte”, ”kunstferdige”, og ”godt gestalta” som ideal for litteratur. Bekjenningslitteratur som Knausgård sine bøker, blir lese etter andre kriterium. Kva er dei?

Mette Karlsvik