Twittertevlinga ‘Nynorsk i 140!’

 – Sigeren i denne tevlinga kom svært uventa på meg, men var dess meir gledeleg. For meg var det stort å vinna den femte runden…

twitter-featured1

 – Sigeren i denne tevlinga kom svært uventa på meg, men var dess meir gledeleg. For meg var det stort å vinna den femte runden av #nynov, ikkje minst av di eg ikkje er nynorsk-brukar til dagleg, seier Kjersti Gram Andersen, alias @Grammany.

Novella ho «kvitra» nådde heilt til topps blant dei meir enn 400 bidraga til femte runde av tevlinga ‘Nynorsk i 140!’. «Ho har skapt ei fortelling som når ut over det formatet på 140 teikn skulle tilsei, og som er både vemodig og vakker» meiner juryen.

Temaordet denne gongen var «frisk», noko som blei tolka på fleire vis. Elles stod deltakarane fritt til å dikte etter hug og evne innanfor formatet på 140 teikn og med bruk av emneknaggen #nynov. Tweeten til Kjersti Gram Andersen var ein av dei som utmerka seg. Her er den:

Vinden bles friskt på havet den dagen han forsvann.

Likevel finn ho trøyst i vinden. I den er pusten hans gøymd, kjærteikna òg.

Kjersti Gram Andersen bur på Øve Nordby i Ås kommune og eg er tilsett som miljøverndirektør hjå Fylkesmannen i Østfold. Om vinnarbidraget seier ho:

– Eg likar å ha med eit element av natur eller naturkrefter i novellene. Så let eg fantasien jobba til eg hadde ei historie i hovudet. Og ingrediensane naturkrefter, kjærleik og vemod utgjorde visst ein god kombinasjon.

På twitter har ho berre vore aktiv i eit år, men ho likar mediet og twitternovelleformatet godt:

– Ei god Twitter-novelle bør etter mi meining gje noko meir enn dei 140 teikna – ho bør gje noko å fundera på, noko å spinne vidare på. Helst skal ho òg vekkje kjensler hos dei som les ho.

Twittertevlinga vert arrangert av Deichmanske bibliotek i Oslo i samband med Språkåret 2013, og skal gå eit heilt år med seks rundar. Etter tre rundar har det kome inn over unike 1 300 bidrag frå meir enn 500 deltakar!

Tevlinga er open for alle. Alt ein treng å gjere er å oppretta ein Twitterkonto, skrive ei twittermelding som inneheld emneknaggen #nynov og halde seg til det utvalde temaet. Meldingane kjem opp som ein twitterstraum på skjermar i avdelingane til Deichmanske bibliotek på Grünerløkka, Bøler og Hovudbiblioteket. Andre bibliotek i Noreg er velkomne til å henge seg på.

I juryen:
–       Forfattar Kristine Tofte (@kristinetofte)
–       Forfattar og kritikar Vidar Kvalshaug (@Kvalshaug)
–       Frå Deichmanske bibliotek: Per Roger Sandvik (@SvevePer), Oddvar Thorsen (@oddvarthorsen) og Cathrine Strøm (@cathrine_s)