Aktuelt

Velkommen til årsmøte!

På laurdagen gjentar vi fjorårets suksess med snøggmøte (også kalla speed dating) mellom bokhandlarar og forfattarar i samarbeid med Bokhandlerforeningen. Enkelte forfattarar deltar på bokhandlarmøte…

Sigmund Løvåsen

På laurdagen gjentar vi fjorårets suksess med snøggmøte (også kalla speed dating) mellom bokhandlarar og forfattarar i samarbeid med Bokhandlerforeningen. Enkelte forfattarar deltar på bokhandlarmøte som blir arrangert av forlaga i samband med vår- eller haustlansering, men det er ikkje mange som får dette høvet til å presentere boka si direkte til bokhandlarar. På snøggmøtet får kvar forfattar høve til å presentere boka si for dei bokhandlarane som er til stades: Ein set seg ned med ein bokhandlar og presenterer boka si i løpet av tre minutt før ein går vidare til neste bokhandlar. Dei som ønskjer å vere med på dette må gjere følgjande:

 

1. Vel ei av bøkene dine (aller helst sist utgitte). NB: Boka må anten vere i sal eller kome i sal i løpet av året.

2. Førebu ein tre minutt lang presentasjon av boka.

3. Send e-post til post@forfatterforeningen.no med namnet ditt, tittel på boka og utgivingsår.

Alle som vil vere med på snøggmøte må melde seg på på førehand, påmeldingsfrist er 

15. februar!

Snøggmøta går føre seg som siste post på programmet laurdag. For dei som ikkje ønskjer å delta på dette, vil det gå ein annan programpost parallelt der temaet er kva forfattaren sjølv kan gjere for å marknadsføre bøkene sine. Håvard Rem og Henning Bergsvåg fortel om deira eigne opplegg for lansering av nye bøker. 

I samband med medieoppslag før jul om avslåtte medlemsskapssøknader har også medlemmer uttalt seg om inntakspolitikken, enten offentleg eller direkte til foreininga. Dette er ein diskusjon det er viktig at vi med jamne mellomrom også tar internt i DnF. Det er nyttig å diskutere prinsippa for medlemsinntak og konsekvensane av dei, utan å nødvendig vis gå inn i enkeltsaker. Styret ønskjer å sette av ein time laurdag på årsmøtet for å lodde stemninga blant medlemmene om inntakspolitikken. Målet med ein slik diskusjon er ikkje å konkludere, men at styret får eit inntrykk av kor vi som foreining står i saka.

Laurdag kveld er det som alltid festmiddag. Meld deg på innan 15. februar til post@forfatterforeningen.no med info om du skal vere med på møtet laurdag, møtet søndag, middag og om du skal overnatte laurdag til søndag. Minner også om møteavgiften på kr 300 som betales til konto 6019.05.00724, merk med ”Årsmøte”.

Seest på Bristol!