Forlaget skriver at novellene i «Arbeidsnever» handler om de som har falt utenfor; de som ikke fikset skolen, og droppet ut. De ufaglærte. De som aldri flyttet hjemmefra. De som aldri fant noen å slå seg ned sammen med, og de som har blitt forlatt.
I juryens begrunnelse heter det: «Novellene i ”Arbeidsnever” har eit strevsamt og empatisk fundament i seg som held liv i håpet og held dei mest aggresive demonane i eit menneske på avstand. Her er meir bevegelse enn apati. Slik sett siver det ein fin varme ut av denne novellesamlinga, tekstar som legg armen sin rundt dei der inne, og oss utanfor som les.»
Tarjei Vesaas’ debutantpris blir hvert år blir delt ut til fjorårets beste skjønnlitterære debutant under 35 år. Prisen deles ut av Den norske Forfatterforening, og det er foreningens litterære råd som er prisjury. Juryen består av rådets ni medlemmer, og de velger en prisvinner ut fra en fri og selvstendig vurdering basert på estetiske kriterier.
Prisen ble innstiftet av Tarjei Vesaas i 1964 med pengene Vesaas mottok som vinner av Nordisk råds litteraturpris dette året.
Her følger juryens begrunnelse i sin helhet:
Grunngjeving, Tarjei Vesaas debutantpris 2016
I Tarjei Vesaas debutroman Menneskebonn frå 1923, kan vi lesa: ”Skyer kann koma, svarte og tunge av tore og væte. Dei vert fylgde av mange auge, der dei glid forbi og der dei tømer seg ut. Og yver allt, natt som dag, ligg kløvereimen, tung og ung, og vekker lengt i menneskebonn”. Den 26 år gamle Vesaas hadde møtt mykje motgang på vegen fram til utgjevinga. Motivasjonen hans ved opprettinga av Tarjei Vesaas debutantpris (i 1964) var å kunna sjå og prisgje det unge, talentfulle skrivearbeidet alt ved første bok.
Årets prisvinnar har skrive ei bok som har denne unge lengta i seg, styrt av ein forfattar som set jordnære blikk på vanlege menneskes livsituasjonar, relasjonar, framtidstankar forankra i fortidstankar, helse, arbeid, og mangel på arbeid; dei ufaglærte. Dei seks novellene spør mellom anna: Kva er eit vanleg liv? Kortid er vi trygge? Kva val skal vi ta, og må vi ta dei?
Tekstane er spent opp på bogen mellom kjærleik og tryggheit på den eine sida, økonomiske bekymringar og utanforskap på andre – der behovet for sjølvoppgjer gjer seg gjeldande på små, lokale flatar og tankebanar. Forfattaren kjem langt i å visa oss det sårbare ved å vera menneske, heilt enkelt. Novellene heng ikkje berre saman i miljø og språk, dei er heilstøpte, empatiske framvisningar av livet og kvardagane som ruslar forbi. På miljø- og dialektaksen Froland-Arendal, blir det plass til sinne, bygdekunnskap og jobbsøkarkurs, men aldri moralske oppgjer som tvingar karakterane gjennom store endringar. Her er kanskje frykt for store endringar, eller motsatt: forandringsønske – men det slåande med novellene er at dei står i disiplinen kvardagsliv og ikkje held oppe alternativet i tide og utide, realistisk som det er. Novellene bør også lesast politisk: dei ber oss om å lytta, for ikkje alle kan eller vil jobba seg oppover statusstigen – vi bør ha eit samfunn av såkalla vertikal stimulans og dyrka yrkesstoltheit på tvers.
Det tynne håpet om betring er fint balansert då bryggeriarbeidar Trygve i tittelnovella ”Arbeidsnever” kjenner den støle kroppen og brukar søndagen til å grua seg til å stå opp grytidleg mandag morgon. Vel på jobb kjem saknet av det andre, den trygge heimen og den gravide sambuaren, medan han må halda fokus og tempo på ein arbeidsplass ridd av korttidskontraktar og permiteringsangst. I novella ”Jon” er den same fine balansen tilstade, det utsatte i mennesket som får fart på pendelen mellom overlevelsesinnstinkt og undergangsspøkelse. Her treff vi arbeidssøkande Richard som møter den fastlåste opplevinga av arbeidsløyse, og dei bråvonde bileta i panikkangsten, med å gå lange turar, pliktoppfyllande søka på ledige stillingar, og i eit forsøk på å skyva eigen misære unna, bruka energi på Jon, ein barndomskompis som kanskje har det vanskelegare enn han sjølv. Den kaotiske tankekverna får eit lite friminutt i jakta på Jon eller på besøk heime på barndomsrommet.
Novellene i ”Arbeidsnever” har eit strevsamt og empatisk fundament i seg som held liv i håpet og held dei mest aggresive demonane i eit menneske på avstand. Her er meir bevegelse enn apati. Slik sett siver det ein fin varme ut av denne novellesamlinga, tekstar som legg armen sin rundt dei der inne, og oss utanfor som les. Det er difor ei sann glede – på vegne av Det litterære råd og Den norske Forfatterforening – å gje Tarjei Vesaas debutantpris for 2016 til Jan Kristoffer Dale.
- Les mer om Dale her: http://www.forfatterforeningen.no/artikkel/ikke-fodt-forfatter#.WNOGnzvhBhE