Aktuelt

– Vinden som spela dei eit pust

Arrangørane skriv dette i ei pressemelding no: Novella han «kvitra» nådde heilt til topps blant dei meir enn 500 bidraga til tredje runde av tevlinga…

deichmanske

Arrangørane skriv dette i ei pressemelding no: Novella han «kvitra» nådde heilt til topps blant dei meir enn 500 bidraga til tredje runde av tevlinga ‘Nynorsk i 140!’. «Han har skapt eit naturmotiv som er lett å kjenne att og som forgreinar seg langt inn i folks kvardagsrøynsle,» meiner juryen, som mellom andre består av røynde twitrarar og forfattarar som Vidar Kvalshaug, Kristine Tofte og Per Roger Sandvik.

Temaordet denne gongen var «tre», noko som blei tolka på fleire vis. Elles stod deltakarane fritt til å dikte etter hug og evne innanfor formatet på 140 teikn og med bruk av emneknaggen #nynov. Tweeten til Magne Velle var ein av dei som utmerka seg. Her er den:

«Det gjekk eit sus gjennom skogen

då to av tretoppane barka saman.

Heldigvis var det berre vinden

som spela dei eit pust.»

Magne Velle kjem frå Naustdal i Sunnfjord, men er i dag busett på Skjetten nær Oslo. Han  arbeidar som digital rådgjevar ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Musikk og skriving har alltid vore hovudinteressene.  På twitter har han vore aktiv berresidan sist haust, men han likar mediet og twitternovelleformatet godt:

«Det er den tronge ramma eg likar best med Twitter, og den umiddelbare responsen frå andre. Den gode twitternovellabør vere gjennomført, ved at orda kling godt saman og
underbyggjer hovudtemaet eller stemninga i novella. Eg likar det når ho uttrykkjer noko ektefølt eller er gjenkjenneleg påein overraskande måte
»

Nettstad for twitterstraumen: http://twitternovelle.deichman.no

Nynorsk i 140 på Twitter: https://twitter.com/nynov140

Les meir om prosjektet:

–       http://www.forfatterforeningen.no/artikkel/dommer-twittertevling

–       http://www.språkåret.no/2013/03/nynorsk-i-140/

Prosjektet er støtta av stiftinga Fritt ord og Det Norske Samlaget.

Følg Deichmanske bibliotek på Twitter: https://twitter.com/deichmanske