Svar på Svaret

Vi presenterte tidlegare i dag den eine av dei to islandske nominerte til Nordisk Råds Litteraturpris, Gerdur Kristny. Den andre nominerte frå Island er Bergsveinn…

Kved av Berit Opheim (tv) og Bergsveinn Birgisson © Mette Karlsvik

Vi presenterte tidlegare i dag den eine av dei to islandske nominerte til Nordisk Råds Litteraturpris, Gerdur Kristny. Den andre nominerte frå Island er Bergsveinn Birgisons roman Svar på brev frå Helga. Morgenbladets bokredaksjon har gitt oss lov til å publisere ei melding av denne boka. Meldinga står på trykk i Morgenbladet denne veka, i lag med tekstar om alle dei nominerte bøkene. Bokredaktør Farsethås oppsummerar dei nominerte på denne måten: Mye tyder på at vi går mot en situasjon der et biografisk element i langt større grad vil være tatt for gitt som noe selvfølgelig
hjemmehørende i skjønnlitteraturen, som en del av dens kommunikative muligheter, snarere enn som sjangeroverskridende grep.

Eit anna svar
Torshovet, 11. mars 2012.

Kjære Bjarne Gislison,
Du byrjar ditt Svar på brev frå Helga på denne måten: Sume menneske døyr på grunn av det som er utanfor dei. Andre døyr fordi dauden er i dei frå gamalt av (…). Du som skriv dette, Bjarne, er 1100 år gamal. Du vil ikkje leve i samtida di, men heller ikkje sleppe livet. Livet er for deg fortida, er den gamle nordiske kulturen. Han er representert av knulling mellom båsar og ull, nybarberte sauer og kje.
Din kjærleik til Helga er bildet på den tapte heidenske kulturen, og garden din representant for tradisjonen som ein gong var unik og særskild, og som i dag nestan bare er å finne i dei eldste skaldedikta. Med kristninga blei vi greskromerske i tankegongen. Det seier skaparen din, forfattaren Bergsveinn Birgisson, som i romanen de lev i lar Helga flytta til byen, til kaféar og amerikanarar, til sjokolade, magasin og kapitalistisme. Og du, kva skal du gjere? Du (…)for ut i sauefjoset og spurde sauene om dei ikkje kunne tenkja seg å få ein ny husbonde. Eg tenkte jamvel på å fara til Reykjavik for å arbeida for amerikanarar der. Eg sa til sauene at eg elska ei kvinne. Dei såg på meg med undring i augo. (s. 57)
Bjarne. Det heiter også ein kar i Svartfugl (1929) av Gunnar Gunnarsson. I den romanen bur to ektepar nær kvarandre langt inne i dalum av Island. Utroskap blir til svartsjuke og mord. Og du, Bjarne Gislison, er, av skaparen din gjort til innkjøpsansvarleg for leselaget, har lese både dette og hint, og veit vel kva du ikkje skal gjere. Vel romantiserar du dei gamle heidningane. Men drepe, gjer du ikkje. Var det opp til grannen din, Gisli, døyr sume menneske aldri. Han heng den avlidne kona si under taket i røykhuset Der røyken hjelpt tårene til å renna. Men det ville no ikkje verta lett å få røykt folk i Reykjavik. Dette måtte difor verta som ein luksusskikk for landsbygda (s. 44). Stadig fleire skikkar blir luksus for landsbygda: Ein einaste generasjon, din generasjon, utraderar 1100 år med det nordiske, og erstattar det med ein pengetradisjon.
Fordømmar du Helga for å dra flytte til byen og den nye kulturen? Svaret ditt til Helga kan vere ei einaste setning. Det tar likevel 101 sider å utseie.
Bjarne Gislason er den gamle, nordiske kulturen menneskeleggjord: storvoren, uvøren men velmeinande, varm men også valdsam. Du sett fram blomster til kona di, og veltar vasen, blandar saft til henne, men søler safta. Alle desse moderne tinga fannst alltid, sang artisten Björk i 1995, og la fortid på notid, framtid på fortid, før ho sjølv flytta til Amerika, til New York. For den moderne skalden blei Reykjavik for smått. Men no har ho flytta heim att til Reykjavik.
Då ein trudde at Beate Grimsrud skulle vinne Nordisk Råds Litteraturpris i fjor, la nokre det nordiske argumentet til grunn: Det ville kle prisens statuttar og mandat å gi han til den norsk-svenske Grimsrud. Bergsveinn Birgisson har vore tilknytt Universitetet i Bergen sidan 2001, og disputerte i 2008 med teksten Inn i skaldens sinn. Kognitive, estetiske og historiske skatter i den norrøne skaldediktingen. Ein særs annan sjanger enn dette remjande, insisterande, lidskapelege Svaret. Kvart oppslag av boka er eit par opne handflater. Papiret hud som sitrar etter kontakt med naturen sjølv.
Venleg helsing Mette Karlsvik