Då Kjartan Hatløy skulle velje ein diktar til å ta over etter seg
i DnFs lyrikkserie,
då valde Hatløy seg Are Frode Søholt. Søholt gjekk frå oss rett etter jul i fjor.
Men dikta hans står i all æve. Diktaren og musikaren gav oss to diktbøker
den eine berre eit år etter den andre. Frå førsteboka, har Hatløy resitert dette diktet.
– Eg likar at dikta tykkjest gjelde liv og død for han, seier Hatløy;
– Og eg trur han er dønn ærleg, noko som desse dagar er ein sjeldsynt modus.