Fabrikkdikteren som utfordrer Jo Nesbø, bokbransjen – og seg selv

Lars Ove Seljestad er kjent som en nyskapende prosaforfatter. Bak seg har han romanene "Blind" (2005), "Frægd" (2009), "Fjorden" (2011) og "Isberg" (2012) samt sakprosaboken…

lars_ove

Lars Ove Seljestad er kjent som en nyskapende prosaforfatter. Bak seg har han romanene "Blind" (2005), "Frægd" (2009), "Fjorden" (2011) og "Isberg" (2012) samt sakprosaboken "Arbeidsløyse som ressurs" (1997) og essayet "Bastard" (2006). Nå debuterer han som lyriker – og tar samtidig et oppgjør med forlagenes manglende interesse for å støtte opp om lyrikken slik de backer mer kommersiell litteratur.

Derfor er det ingen tilfeldighet at Seljestads diktbok utkommer nettopp 7. juni – dagen etter "Politi". Slik ønsker han å utfordre bokbransjen. Og kanskje også markedet.    

TE: – Ingen forfattere lanserer bok samtidig med Jo Nesbø, sies det. Du lanserer din første diktsamlingen dagen etter "Politi"? Tilfeldig eller bevisst?

Lars Ove Seljestad: – Ja, det same har eg også hørt. "Det er umulig å få merksemd rundt eigne bøker samtidig som Jo Nesbø lanserer ny roman". Første gongen eg hørte det, trur eg var i eit intervju med Knut Faldbakken som opplevde at den nye romanen hans fall som ein stein samstundes med at Jo Nesbø stakk av med all mediainteresse. Seinare har eg opplevd at denne utsegna er blitt ein sjølvoppfyllande profeti i bokbransjen. Og då eg oppdaga at Nesbø skulle ut med sin tiande Harry Hole-roman omlag på same tida som eg hadde tenkt å sleppa mi nye bok, tenkte eg også "fuck!" det kan eg jo bare glømma. Og det er jo klart. Det blir ikkje enklare når Nesbø gir ut bøkene sine på det same forlaget som meg. Og med same redaktør. Den som har eit hovud å tenka med, kan jo sjølv rekna seg fram til kor mye ressursar og arbeidstid forlaget mitt er villig til å bruka på å løfta fram ei obskur diktsamling om ein nedlagt fabrikk samtidig som forlagets gullkalv lanserer det som kjem til å bli årets mestseljande norske roman.

Sjølv har eg for første gong på fem skjønnlitterære utgjevingar opplevd at det er umulig å komma i dialog med forlagets markedsavdeling, salsavdeling og kommunikasjonsansvarlege før ei ny utgjeving. Ettersom mine førespurnader i løpet av våren konsekvent har falle på steingrunn, har eg meir og meir kjent meg som ein idiot, eller som ein særskilt roten eller særskilt stygg ufisk som ingen på sal og marked ønsker å koma i kontakt med. Fordi dei alt veit at det er umulig og uinteressant å bruka tid og krefter på å prøva å "breaka" ei diktbok i den nye norske medie- og bokverkelegheita. Og særleg i eit Nesbø-år.

Går den nye Nesbø-romanen bra – og det gjør den jo sjølvsagt – kjem både Nesbø og forlaget til å ha eit gullår og tena sine millionar. Om mitt fabrikkdikt går bra, for det er jo det eg har laga, ikkje ei diktsamling, men eit langt fabrikkdikt som eg sidan har valt å slanka, stykka opp, ommøblera og fragmentera, altså i grunnen det motsette av ei diktsamling. Om den går bra, blir det eit innkjøp til Kulturrrådet og ei omsetning på, i beste fall, ei forlagsinntekt på hundretusen og ein forfattarinntekt tilsvarande ei anstendig norsk månadslønn til meg.

I dette perspektivet kan ein jo forstå at ein poet som maser på forlaget sitt luktar vondt. Men å forstå er ikkje det same som å godta eller akseptera. Eg likar ikkje det som skjer. Og eg godtar det heller ikkje. Difor har eg funne ut at eg like gjerne kan vera denne offentlege idioten, denne tosken som ikkje forstår spelereglane i bokbransjen. Og som gjennom si kunnskapsløyse får fram at det ikkje er poeten og diktaren som stinkar, men den norske forlagsbransjen i si evige messing om børs og katedral. Hadde norsk forlagsbransje vore meir opptatt av litteraturen, det nyskapande og det originale, så hadde eg hatt eit forlag som ville møtt meg og hjelpt meg i å løfta fram eit nyskapande og originalt bidrag til den norske litteraturen. I staden har eg talt for døve øyrer.

Det har eg slutta med. Eg har difor overtatt den markedsførings- og informasjonsbiten som burde vore forlaget mitt sitt arbeid. Og eg ligg i tillegg i forhandlingar med forlaget mitt om å kjøpa mine nye bøker for direktesal til tredjepart. Vi får sjå kva det blir til. Kanskje motvind blir til medvind? Kanskje desinteresse blir til engasjement? Kven veit?  Alt er mulig i denne bransjen. Også at David utfordrar Goliat. Sjølv om eg nok trur at det er berre i eventyra og i skrifta at Goliatane fell og Davidane sigrar. I verkelegheitas verd er det nok, diverre, heller slik at det er Davidane som fell og Goliatane som sigrar.         

TE: – Du er kjent som prosaforfatter, men denne gang har du valgt å skrive lyrikk. Fortell hvorfor du valgte poesien fremfor prosaen denne gang?

Lars Ove Seljestad:- Det er rett. Eg har, så langt, gitt ut fire romanar, eit essay, noen noveller og ei fagbok, samt ei rekke artiklar og kommentarar. Felles for det eg har gjort er det prosaiske, både det skjønnlitterært prosaiske og det fagprosaiske. Men det mange ikkje veit, er at det var poesien som tente mi opprinnelege interesse for litteraturen.

Frå eg var tjue til eg var femogtjue år, tenkte eg på meg sjølv, først og fremst, som ein undercoverpoet (litt Elling med andre ord). Eg drukna meg, bada meg, i lesing av poesi. og heltane mine den gongen var framfor alt Olav H. Hauge, Robert Bly, Bertolt Brecht og mange, mange andre. Sjølv om eg generelt las mye anna, var det, for meg, berre poesien som galdt.

Då eg var 21 år flytta eg til Oslo for å leva av svart arbeid og for å skriva poesi og lesa det eg kom over av poesi og filosofi, særleg eksistensfilosofi. Eg trur eg tente netto 150 kr svart på tre månadar, men eg fekk lest mye. Og skrive litt. Bra, synst eg sjølv då.

Stor var difor skuffelsen min då Eldrid Lunden & co ikkje ville ha meg som elev på det nye forfattarstudiet i Bø. Eit stort nederlag var det. Litt oppreising fekk eg då eg seinare tok mot til meg og sende ein bunke dikt til meistaren sjølv Olav H. og lurte på kva han synst om dikta mine, og om han hadde noen råd til ein ung diktar. Det hadde han. Både gode råd og gode ord til ein ung mann med ein diktardraum i seg, eller som han skreiv: "Dei dikti du legg med, ser ikkje verst ut, so det er berre å driva på det."

Og det er i grunnen det eg har gjort. Drive på, både med dikting og med mye anna. Men det er først no, 30 år etter at eg skreiv til Olav, at eg har klart å realisera den diktardraumen eg skreiv til han om i brevs form. Og eg trur, i grunnen, at eg aldri har vore så glad, stolt og fornøgd med noen av mine tidlegare bøker, som med denne. Men så var det jo her det heile ein gong starta: Med ein ung mann frå industriens Odda som drømte om å bli diktar, men som synst det var litt "femi" og umandig, og som ikkje vågde å seia det høgt. No er eg blitt så gammal at eg i grunnen ikkje bryr meg så mye om kva folk synst om det eg driv på med. Det er mitt liv. Min tekst. Mi stemme. Min poesi. Eg gjør det som er rett for meg. Så får andre folk feia for si eiga dør. Eg bryr meg katten, så lenge eg er ærleg og oppriktig og står for det eg gjør.

Om eg skal få legga til noe her, så må det vera den nye interessa for det lange diktet, og ikkje minst det dialektbaserte og lokalt, historisk og sosialt situerte langdiktet. Eg har med stor glede lese både Langeland, Nødtvedt, Villanger, Kielland og fleire andre av dei nye, unge og spreke. Men det er likevel ingen som overgår meisteren av språkeksperimentering og dialektal utforsking, min gamle skrivekunstakademilærar Øyvind Rimbereid. Å lesa hans Solaris korrigert, var som å, gong på gong, oppleva "små eksplosjonar i vasslinone", i orda, i setningane, i linjene, i teksten. I hjernen og kroppen. Rett og slett herleg! Diverre er ikkje eg der i mi skriving, sjølv om eg grev meg ned i, gjennom, og ut av mi eiga historie i fabrikkdiktet mitt. 

TE: – Kan du beskrive forskjellene, slik du opplevde dem som forfatter, ved å skrive prosa og lyrikk?

Lars Ove Seljestad:- Det deiligaste var jo å sleppa å tenka på dette hersens plotet som ein roman må ha for å kunna fungera. Eg er ingen litterær byggmeistar. Tekstane mine har alltid vore språkdrivne, emosjonsdrivne og eksplosive. Og så kjempar eg for å skjera til ein tekst, bygga på ein tekst, utvida delar og fjerna andre delar, fram til eg har ein slag struktur som kan bli godtatt som ein bortimot samanhangande prosatekst. Eg veit at mange får eit kick av å laga plot, disposisjonar etc. før dei så fyller ut det dei har tenkt Eg får eit kick av først og fremst å å skriva, og deretter av skjera til, bygga, strukturera etter at eg har laga meg ein råtekst. Slik sett har eg vel alltid, på eit vis, arbeidd meir som ein poet enn som ein prosaist. Også i prosaskrivinga mi. 

Og det var utrulig deilig å skriva så kort. Sjølv om utgangspunktet var å skriva eit langdikt om Fabrikken, eit langdikt som omfamna alt som vedrørte Fabrikken, både historisk, produksjonsteknisk, arkitekturmessig, økonomisk. eksistensielt og politisk, familiemessig, grunnelementa, menneskets væren, ja kort sagt, heile pakka av menneskeleg eksistens frmastilt gjennom det lange diktet om Fabrikken, er jo resultatet blitt eit heilt anna.

For kvar bok eg skriv, stryk eg meir og meir av det eg har skrive. For kvar bok eg skriv, omformulerer eg, leitar eg etter nye måtar å uttrykka det eg alt har skrive. Og for kvar bok eg skriv, blir boka kortare og kortare. Denne boka stod nok lenge og vippa mellom prosa og poesi. Og eg er frykteleg glad og stolt or at det denne gongen lykkast meg å fanga eit dikt. Men eg trur ikkje at eg hadde klart å fått dette til utan den fantastiske hjelpa eg har fått frå Aschehoug sin hovudkonsulent for poesi, årets Festspilldiktar, Inger Elisabeth Hansen. Utan hennar strenge og konstruktive lesingar, ville aldri denne boka blitt så bra som den er blitt.

TE: – Fortell om diktet.

Lars Ove Seljestad: – "STORSPRING – Fabrikkdikt" starta som eit langt, uendeleg langt, og altomfattande dikt om Fabrikken i alle dens avskyggingar. Alt skulle vera med. Diktet skulle vera eit slag totaldikt der ingen ting var utelatt. Prosessen med å få dette til å bli eit dikt som fungerer, har vore hard, beinhard har den vore. Det første valet var å ta beslutninga om dette skulle bli endå ein roman, ein prosatekst, eller om det skulle bli eit dikt, slik som eg opprinneleg hadde tenkt.

Etter å ha tatt denne beslutninga og gått inn for at råteksten, det totale diktet, skulle bli poesi, begynte utluftinga, nedskjeringa, tilskjeringa, eller, denne gongen får eg faktisk lyst til å låna  Dag Solstad sitt uttrykk, utgravinga, for det er slik det kjennest ut. Eg har drive på med ei utgraving av denne teksten, ikkje av ein roman, men av eit dikt som låg gjømt inne i denne jungelen av ein tekst. Og igjen, utan entusiastiske, kyndige, og strenge lesingar av Inger Elisabeth, ville denne teksten sett heilt annleis ut enn den teksten eg no snart presenterer. Kven veit? Kanskje hadde eg kome til å gå meg vill i den  opprinnelege tekstjungelen? Og aldri kome ut igjen?

Fabrikkdiktet, som mange feilaktig, også dei nærmaste i forlaget mitt, omtaler som ei "diktsamling" er ikkje ei "diktsamling". Det er eit Fabrikkdikt. Norges første av sitt slag. I ein eigenutvikla sjanger. Dette fabrikkdiktet er blitt til frå ein uoversiktleg, utilgjengeleg tekstmasse i fri flyt mellom poesi og prosa. Arbeidet mitt har vore å grava ut dei delane som fungerer poetisk, fragmentera dei, desentrera dei, blankpussa dei, reorganisera dei og stilla dei ut på ny  i eit poetisk rom med ein ny struktur og med ein ny samanhang. Litt slik ein dyktig arkeolog ville ha gravd fram, reingjort, pussa, lufta, stilt ut og lyssett objektet han har gravd ut av den skitne jorda.

Strukturen eg har valt for dette diktet er gitt av den hardaste og mest intensive arbeidsperioden innan døgnkontinuerleg skiftarbeid i industrien, den såkalla storspringen. Eg har rekonstruert diktet mitt i form av totalt sju skift; fire nattskift, to ettermiddagsskift og eitt formiddagsskift. Dei tre første avdelingane i fabrikkdiktet mitt er tre mørke nattskift der eg vekker til live den døde fabrikken og skriv om eksistens, familietilhørigheit, liv og død, sosial og historisk situering av diktar-egets personlege kamp med og mot Fabrikken, både som indre og ytre eksistens. Ein kan vel seia at dei første tre nattskifta inneheld "Min kamp" for å bruka eit Knausgårdsk litterært uttrykk. Deretter kjem ein kort fridag som skildrar barnleg leik på Fabrikktippen. Det første ettermiddagsskiftet gjør poesi ut av sjølve produksjonsprosessen ved Fabrikken. Det andre ettermiddagsskiftet løftar fram eigne arbeidsminne hos eit ungtdiktar-eg i sitt første møte med Fabrikken. Formiddagsskiftet fortel oss Fabrikken si skapelseshistorie og diktar-eget sin familiehistorie vevd inn i Fabrikkens historie. Det siste nattskiftet framstiller den globale fleksible kapitalens slakt av Fabrikken. Diktet siste ord er -FRI- som også er ein ny, ordlaus, ufullført avdeling i Fabrikkdiktet STORSPRING.