Vigdis Finnbogadottir skulle reise til Bergen i går, og fekk reaksjonar, frå kjentfolk: Kva skulle ho til Bergen for, skulle ho så langt vekk? Kva er langt vekk, og kva er sentrum i verda, spurde Vigdis Finnbogadottir seg. Teknisk sett er det her, under føttene våre. Vigdis peiker til golvet i storsalen på Litteraturhuset i Bergen.
Menningarsjokk kan omsetjast til Kultursjokk, og er hovudtittelen på "Islandske dager" på Litteraturhuset i Bergen. Festivalen vart opna i går, med kved av forfattar Bergsveinn Birgirsson, og framlegg om språk, av tidlegare president på Island, Vigdis Finnbogadottir.
– Ordet har vore viktig på island på grunn av fattigdom frå gamal tid, seier Vigdis, og forklarar kvifor:
– All kultur byrjar med ord. Det er som økologiske system. Det er eit krinslaup. Ordet vitnar om menneskets tankeverksemd. Språket bevarar alle minne. Vi kjem og går, men språket blir. Vi er våre språk, på samme måte som språkene er oss.
Vi kjem og går, men språket blir.
Språk, ein privat ting. Språk, eit fellesskap
– Bevissthet om språket er hjørnesteinen i vår kulturarv, seier Vigdis, eit halvt år seinare, på LiB:
På mitt morsmål seier eg kva eg vil. På framandspråk seier eg kva eg kan,
– Kvifor snakkar du dansk, og ikkje eit anna av dei nordiske språka, når du er her, kjem det frå salen.
– Fordi vi ikkje har glømt fortiden. Det er å gi danskane tillit, og er ei æreserklæring til danskerne. Det kunne ha vore lettare å tale svenska, gjennom islandsk, enn dansk, gjennom islandsk.
– Kva med færøysk? blir det spurd.
– Vi har svært tette band med Færøyene. Vi liker dei veldig godt, svarar Vigdis, og legg til:
– Kanskje fordi dei ser opp til oss.