I manifestet heter det at "JERNROSA Politisk Litteraturfestival vil vera ein standpunktfestival og ein arena for den litteraturen som tar stilling i samfunnsdebatten og som prøver ut kva litteratur kan vera i det kontinuerleg foranderlege grensesnittet mellom litteratur og samfunn. Ideen om JERNROSA Politisk Litteraturfestival har sine røter i, og er ei vidareutvikling av den spontane solidaritetsaksjonen som oppstod under Nordisk Smedfestival i Odda 11.-13. august 2011, der det blei tatt eit initiativ til å smi jernroser som eit handfast motsvar til terroren som rørte seg i Oslo og på Utøya berre få veker tidlegare."
– På hvilken måte er Jernrosa en politisk litteraturfestival, initiativtaker Lars Ove Seljestad?
– Når det gjeld uttrykket "politisk" spesifikt knytt til JERNROSA Politisk Litteraturfestival, tenker eg følgjande: Først og fremst er det viktig for meg å understreka at det ligg ingenting partipolitisk i dette namnevalet frå mi side. Mitt ønske har vore å signalisera med dette uttrykket at JPL er politisk på same måte som det å delta, meina noe, ta stilling til sentrale spørsmål og utfordringar i samfunnet vårt er ei politisk handling. Ein kunne seia at eg tenker politikk, nærmast slik vi, i dag, trur at dei gamle grekarane, såg på politikk. For dei var deltaking i samfunnet, som dei kalla Polis, opphavet til vårt ord politikk, ei rettigheit og ei plikt for alle frie,mannlege borgarar. Diverre omfatta ikkje denne forståinga, den gongen, kvinner, eigedomslause og slavar. Med utviklinga av demokratiet er det også blitt muleg for andre samfunnsgrupper å ytra seg og meina noe om samfunnet vårt. JERNROSA Politisk Litteraturfestival må sjåast som eit forsøk på å løfta frem dei litterære stemmene som er "politiske" i den forstand at dei skriv om tema og utifrå ei livserfaring og ein ståstad i samfunnet vårt som skil seg frå den urbane, internasjonale middelklassekulturen, som er den hegemoniske kulturen i vårt samfunn, og som bidrar til å usynlegjera og undertrykka andre litterære stemmer og tematikkar. For meg er etablering av JPL eit ønske om å etablera ein festival for litteratur som bryt med det litterære og kulturelle hegemoniet som dominerer litteratur-Norge. Eit sams kjenneteikn for forfattarane som er inviterte til den aller første JERNROSA Politisk Litteraturfestival er at dei fleste av dei, truleg samtlege, er vaksne opp i distrikts-Norge; i småbyar, byar og tettstader rundt om i landet vårt. Fleire av dei har også oppvekstar i det ein kunne kalla industristadar, eller oppvekst som born av arbeidsfolk og småbrukarar.
Lars Ove Seljestad. (Foto: Niklas Lello)
– Hva legger du i begrepet "mening"?
– Eg som er eit ugudeleg menneske, tenker et det er kvart enkelt menneske si livsoppgåve å tilskriva sitt eige liv meining. Meininga med liva våre er ikkje gitt på førehand. Det er vår oppgåve som levande vesen å skapa denne meininga sjølv, i våre eigne liv. Eg gjer det på min måte. Andre får gjera detpå sin måte. For meg gjer det meining å skriva bøker, å arbeida med litteratur, å delta i samfunnet, seia frå om kva eg held for rettog kva eg hedl for nonsens. For meg gir det meining i å arbeida for at alle skal få like rettar til å utvikla seg, ta seg til rette i samfunnet vårt, uavhengig av kor dei kjem frå eller kva bakgrunnar dei har. Eg er motstandar av eit adelssamfunn der noen folk er født med særeigne rettar til posisjonar i samfunnet. Eg er for demokrati, for mangfald og at alle skal ha like stor rett til å utvikla seg, delta i samfunnet,forma sine liv slik dei ønsker det. Og eg er for at både høg og lav skal hørast og repekterast for sine synspunkter. Også om dei bryt med makta, eliten og kapitalen sine synspunkt. Eller kanskje særleg då.
– Hva kan du love publikum som oppsøker festivalen?
– Dei vil oppleva ni litterære møte med kjente Odda-stemmer: Knut Olav Åmås, Terje Kollbotn, Vidar Våde (ikkje politikaren, men arbeidardiktaren) og meg. Dei vil få eit nytt og overraskande møte med den gamle arbeidardiktaren, Kristofer Uppdal, ein av våre aller største, men også aller mest underkjende, m.a. fordi han ikkje høyrde til ved det litterære parnasset i hovudstaden, men fordi han arbeidde på anlegg om dagane og skreiv om nettene. Dei vil også få oppleva ei av dei tydelege feministiske stemmene i norsk poesi dag, Aasne Linnestå, med røter i Rjukan. Dei vil få oppleva to av dei mest særprega litterære stemmene i Norge i dag, Thure Erik Lund og Cathrine Knudsen, som på ulikt vis eksperimenterer med å skrive nedefrå. Ein av dei viltraste poetane i Norge, Terje Dragseth, har også litt av kvart å by på. Og til sist får dei oppleva to av dei aller nyaste arbeidarforfattarane landet vårt har å by på, Leif Østli frå Halden og den enno knapt publiserte Jan Kristoffer Dale frå Froland.
- Les mer om festivalen og programmet på nettsiden deres: http://www.jernrosa.no/
- Les mer om Lars Ove Seljestad hos Aschehoug: https://www.aschehoug.no/Forfattere/Vaare-forfattere/Lars-Ove_Seljestad2
- Les mer på Odda-kulturens blogg: http://oddakultur.blogspot.no/2016/04/jernrosa-blomstrer.html