«Little free library» kom til i eit land med adskillig dårlegare utbygd folkebibliotekssystem enn Noreg. Motivasjonen er i følgje organisasjonens nettstad, at barn som veks opp utan bøker i heimen er «i gjennomsnitt tre år etter barn i heimar med mange bøker (også når observasjonen er kontrollert i følgje andre faktorar (M.D.R Evans et al, Research in Social Stratification and Mobility, June 2010). I USA, der «Little free library» er starta og blir drive frå, ser dei at «61% av låginntektsfamiliar ikkje har bøker tilpassa alderen i heimen», og at «ein av dei mest vellykka måtane å forbetre leseevna til ungar er å auke tilgangen til bøker, særleg heime». Gjennom LFB har ein frivillige over heile verda sett opp «bokhus» der ein kan låne, bytte eller ta ei bok. Det har gitt oss «Barmsund Styrhusbibliotek», eit kahyttbibliotek i Lillesand og bibliotek i eit fyrtårn på yttste vestkyst. Om sitt minibibliotek i Sandnes, skriv skaparane: We got hooked on the idea living in Berkeley, California where we would stumble upon cute little Free Libraries walking or biking around the city. Back in Norway we made our own, according to the map we are no. 2 in our country and first in our region, making it exciting to see how the concept is being received here. So far so good, after two weeks books are going out and also back in! The library is built from 99% recycled materials, mainly from our house making it similar in appearance.
Bok-turisme (2)
«Little free library» kom til i eit land med adskillig dårlegare utbygd folkebibliotekssystem enn Noreg. Motivasjonen er i følgje organisasjonens nettstad, at barn som veks…