Tore Renberg får Nynorsk litteraturpris 2020 for romanen Tollak til Ingeborg. Prisen vart delt ut på Garborgsenteret på Bryne.
Nynorsk litteraturpris er på 30 000 kroner, og han har vorte delt ut sidan 1982 av Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Samlaget. Det er fyrste gong Tore Renberg, som har skrive dei fleste av romanane sine på bokmål, får prisen.
Juryen skriv dette i grunngjevinga:
Nynorsk litteraturpris 2020 går til ein forfattar som sidan debuten i 1995 har vore høgt og breitt til stades i norsk litteratur. Forfattaren har skrive bøker for vaksne og unge, han har skrive tekstar for teater og han fyller på meir enn berre eitt vis rolla som ein folkekjær forfattar. Gjennom eigne bøker og filmatiseringar har han nådd ut til eit stort publikum, men han har heller ikkje vore redd for å vise fram sin eigen kjærleik til litteraturen. «Eg berre elskar litteratur», sa han på riksdekkande fjernsyn på 1990-talet, og det på eit vis som fekk oss til å tru på han. Dette er ein kjærleik som ikkje har rusta, og som fram til i dag har blitt stadfesta gjennom forfattarens evne til å finne nye litterære skodeplassar og nye språklege uttrykk, både på bokmål og på nynorsk.
Sjølve prisromanen er ei sterk og modig skildring av ein mann som høyrer fortida til. Det er noko djupt paradoksalt over denne mannen som på folkemunne berre går for å vere Tollak til Ingeborg. Som ektemann er det altså han som høyrer til henne, han blir definert via henne og han lever i hennar verd. Samstundes ber han med seg ein arv som skal få katastrofale følger både for kvinna som han elskar, og for han sjølv. Tollak har ikkje funne seg til rettes i ei samtid der byane blir «smarte» og der det nye byggelageret nede i bygda konkurrerer ut den gamle saga hans i Vestmarka. Men han held det gåande, for seg sjølv og familien, ved å finne næringsvegar som ligg på sida av lova. Nei, han er ikkje nokon idealfigur, Tollak frå dalen, og han utviklar eit meir og meir truande agg mot samfunnet. «Den nye tida vrikka på hoftene, skapte seg til framfor auga mine, skapte seg til som om ho var full, med blenkande tilbod eg ikkje var det grann interessert i», tenker Tollak. Det er i høve til ei slik verd at han sjølv høyrer fortida til.
Framstillinga av mannen frå bygda som reagerer med aggresjon på den nye tida ligg farleg nær ein kulturell stereotypi. Ei slik framstilling kan beint fram invitere til moralisering når den nye tida blir teikna med kvinnetrekk og vrikkande hofter. Når Tollak til Ingeborg veks fram til å bli eit meisterstykke av ein roman, er det fordi han vinn over denne opplagde stereotypien. Meistergrepet ligg i det litterære handverket der Tollak blir utvikla frå innsida. Sjølvsagt er Tollak ein brotsmann med ein mentalitet frå fortida, men han er også noko anna og noko meir. Tollak er også ein mann fylt av kjærleik. Han har elska andre, og han har blitt elska tilbake. Handlinga er lagt til vår eiga tid, men den vestnorske skodeplassen får ein nærast mytisk karakter. Byen med fiskemottaket, bygda med byggelageret og Oslo med universitetet er referansar der ute i verda. Sjølv ferdast Tollak helst i ei verd som strekker seg frå Vestmarka og Sørfjellet til Skarvedraget og Juvet på høgfjellet. Både landskapet og språket er føresetnader for at romanen kan bere den symboltunge handlinga. For det er Tollak si historie dette, og han fortel historia til si Ingeborg. Dei korthogde setningane medverkar til å teikne opp portrettet av Tollak og ligg tett på å vere ein dramatisk monolog. Det er ei sterk historie som også kan få lesarane i den nye tida til å elske litteratur.
Juryen har vore Heming Helland Gujord, Carl Morten Amundsen og Marta Norheim.
Kjelde: https://www.nm.no/nynorsk-litteraturpris-til-tore-renberg/