Leiarbrev: Viktig å få på plass eit sterkt vern for åndsverk

Det er svært viktig at vi så raskt som råd får på plass eit sterkt vern for åndsverka til norske forfattarar, slik at norske forfattarar kan reservere seg mot at arbeidet deira blir brukt til å lære opp KI. Det skriv DnF-leiar Brynjulf Jung Tjønn i sitt leiarbrev.

Brynjulf Jung Tjønn Foto: Maria Kleppe Vihovde

Kjære forfattarar

Eg håpar sommaren har vore god for dykk. Sjølv har eg forsøkt å få tid til både skriving og til familien, samtidig som det også har blitt fagforeiningsarbeid.

Gjennom fleire artiklar har Klassekampen denne sommaren formidla nyhende om at både britiske og danske forfattarar meiner at deira litterære verk er blitt brukt til å lære opp kunstig intelligens. Min kollega Morten Visby, leiar for Dansk Forfatterforening, seier gjennom foreininga si nettside og Jyllands-Posten:

– Den måde AI-udviklere bruger forfatteres værker er «masseudnyttelse af litterære rettigheder». Tjenesterne trækker på indhold, andre har skabt, som man ikke har fået lov til at bruge og som man ikke betaler for.

DnF har førebels ikkje fått tilbakemelding om at tekstar av norske skjønnlitterære forfattarar er blitt brukt til maskinlæring, men når våre kollegaer i Danmark mistenker at dette skjer, vil det vere naivt å tru at det ikkje også kan ha skjedd med norske tekstar, spesielt når vi veit at svært mykje av norsk skjønnlitteratur er tilgjengeleg digitalt.

Viss du mistenker at dine tekstar er blitt brukt til trene språkmaskiner, ber vi deg om å melde dette inn til oss snarast råd.

Regulering av KI står høgt på agendaen til Den norske Forfatterforening og dei andre skribentorganisasjonane. Den 27. april sende vi saman med Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Kritikerlaget, Forfatterforbundet, Dramatikerforbundet og Norsk Oversetterforening eit brev til Kultur- og likestillingsdepartementet, der vi bad om eit møte om kunstig intelligens og opphavsrett. Dette møtet skal vere i slutten av august. Vi ynskjer å leggje press på departementet med krav om at strategien for kunstig intelligens frå 2020 må oppdaterast eller fornyast, der eit sterkt vern av opphavrettsleg arbeid må stå heilt sentralt. Like viktig er arbeidet norske styresmakter gjer opp mot EU og deira arbeid med å utarbeide ei ny KI-lov.

DnF samarbeider også med nordiske skribentorganisasjonar gjennom Nordisk forfatter- og oversetterråd (NFOR). Under NFOR-møtet i Finland i juni blei det blant anna foreslått å utarbeide eit felles nordisk utkast til klausular om bruk av KI i samband med bokutgjevingar, til bruk i forlagsavtaler. Eit av døma som blei nemnt, var å avtalefeste at verket ikkje kan omsetjast ved bruk av KI, i solidaritet med omsetjarane.

DnF vil også utfordre Forleggerforeningen og norske forlag, som forfattarane er heilt avhengige av at forvaltar bøkene og rettane deira på best mogleg måte, til at dei aktivt tar standpunkt i arbeidet for vern av det skjønnlitterære arbeidet til norske forfattarar, slik Danske Forlag, interesseorganisasjonen for forlag i Danmark, har gjort. Der anbefaler dei at «forlagene hurtigst muligt tager forbehold for TDM (tekst- og datamining)».

Kva KI kan gjere med litteraturen, er vanskeleg å spå. Men det som er ei heilt konkret utfordring, er at vi i dag ikkje veit kva teknologiaktørane nyttar av tekstar når dei lærer opp maskinene sine. Difor er det svært viktig at vi så raskt som råd får på plass eit sterkt vern for åndsverka til norske forfattarar, slik at norske forfattarar kan reservere seg mot at arbeidet deira blir brukt til å lære opp KI.

Beste helsing

Brynjulf Jung Tjønn

leiar