To dikt av Hanna Komar

Her kan du lese dikta «Kvinnene sine lenkjer av solidaritet» og «Fengselscella» av Hanna Komar.

Kvinnene sine lenkjer av solidaritet                                                                               

det er ingen blomar

ingen tårer etter vegen

berre tutinga

frå bilane som passerer

*

eg ynskjer å vera kroppen min igjen

*

verken raud, kvit eller svart                                          

ikkje hendene som ber skuldingar                                           

berre nakne føter gåande på gras

*

eg tek på eit fingerbøll

og stryk håret ditt

eg gjer dette med fingrane mine

førestill deg hjarta mitt

*

ei levande kvinne

verken eit kampflagg

eller ei spire av håp

*

Eg ynskjer å høyra mi eiga røyst                                                    

Eg ynskjer meg kroppen min attende

*

aldri har eg

ynskt det

så sjukt

—————————————————————

Fengselscella

På cella vår

me fire deler alt

blaut kvitt

seigt okerlys

kulda krøllar seg opp

bak sola i det tjukke glaset

frisk luft frå glipene i glaskarmen

skramlinga frå godstoga

dørene smell i jern

som bankinga mot veggen

«Lenge-leve-Belarus»

varmt vatn i dusjen

deodorant

kryssordet i avisa

røysta les høgt

storkna tid

ber

forbannar

mareritta

og den evige setninga:

«Når eg kjem ut herifrå».

Dikta ble gjendiktet direkte mellom Hanna Komar og Inger Bråtveit på Hanna sin oppfordring. Hanna og Inger møttes først i Minsk (i regi av Forfattarforeningen) da Inger besøkte Forfatterskolen der (som ikkje lenger finst) og før Belarusisk forfatterforening og kontoret til PEN Belaus ble stengt/måtte gå i eksil. De holdt kontakten etter dette og møttes igjen da Hanna mottok Ytringsfrihetsprisen og Inger leste gjendiktningene.