Haugestipendet 2024

Haugestipendet 2024 går til poet og omsetjar Martin Ingebrigtsen.

Under opninga av Poesifestivalen i Ulvik i Hardanger fredag kveld, fekk poet og omsetjar Martin Ingebrigtsen Olav H. Hauge-stipendet for 2024. Stipendet er på 150 000 kroner og går til ein norsk lyrikar, songar eller tekstforfattar under 40 år som har gitt ut inntil tre diktsamlingar eller eigne større songverk, og som har vist eit særleg poetisk talent.

Her kan du lese frå juryen si grunngiving:

«Poetar ser. Dei ser på tinga som fyller verda, og på verda som fyller tinga. Dei stirer på fortida og på framtida og på det flyktige i augeblinken. Poesien og draumane har mykje til felles; i begge domena glir ting stadig og uærbødig over i kvarandre; historier, tankar, minne, mytar, førestillingar, ja, til og med menneske, identitetar, heile liv.

Årets mottakar av Haugestipendet er poet, men også omsetjar, han har jobba som skrivelærar, formidlar, forlagskonsulent og redaktør. Begge bøkene han har gitt ut, ber preg av å vere leikne og utprøvande, episke og oppmodande, fraktale og rastlause. Poesien hans kan vere lyrisk, biletleg tett, presis og vakker i den eine augeblinken, før den – særleg i den siste utgivinga hans, Bukk & Sigd (2023) – brettar seg ut i refleksiv ordrikdom, degressive sveip, direkte tiltale og/eller leik, i den neste.

I hjartet av den siste utgivinga finst eit nitti-siders langdikt kalla Poetikk, om den skapande prosessen, om å skrive og å leve, som jo er éin og same ting. Det er maksimalistisk, ekspanderande, ja, bustete poesi vi har med å gjere. Det dialogiske og det kollektive er viktige føresetnader for poeten si tenking, og for at skrifta kan bli til. Dikta arbeider i – og med – poetisk vertikalitet, med ein brønn av potensielle tydingar, førestillingar og sambandsliner. Biletspråket er kvardagsleg, fullt av stover og leilegheiter og vindauge, men òg av populærkulturelle referansar – teikneseriar, superheltar, russiske filmskaparar –, av brannar og tvillingskikkelsar, av flukt og desperasjon, sakn og lengsel. Dikta snakkar til – og med dei levende og dei døde; med venner, fedrar, søsken og gudar og andre kunstnarar. Sjølv har poeten sagt: Eg skriv om døden som eit fundamentalt vilkår, men også som ei avgrensing som det er mogeleg å bryte ut av. Eg skriv mykje om spøkelse og gudar, fordi dei har evna til å krysse den grensa. Det er ei stor glede å tildele Martin Ingebrigtsen Olav H. Hauge-stipendet 2024.»

Fagjury

Pedro Carmona-Alvarez, juryleiar, forfattar og musikar 
Kristin Vego, forfattar og litteraturkritikar 
Brit Bildøen, forfattar og representant for Norsk Forfattersentrum  

Tidlegare stipendvinnarar

2018: Erlend O. Nødtvedt
2020: Endre Olsen
2022: Priya Bains 

Les meir her.