Ein lesar i livet sku’ alle ha

Skal vi løyse lesekrisa, må fleire departement gå saman om å nå ut til fleire. Til dømes ei mor i ein kvilestol.

Tysdag denne veka kom lekkasjar frå statsbudsjettet, der Regjeringa vil løfte lesinga og litteraturen. Ingenting gleder Den norske Forfatterforening meir enn at lesekrisa blir tatt på alvor. Men ein breitt anlagt visjon og ei heilt avgjerande gruppe manglar, viss målet er å skape ein ny generasjon lesarar.

For kvifor skal born lese, viss ikkje nære omsorgspersonar gjer det?

Mødre i stolar

Rockestjerna Patti Smith seier det så presist i sjølvbiografien «Just kids»:

«Eg kunne sitje ved føtene til mor og sjå på henne når ho drakk kaffi og røykte sigarettar med ei bok i fanget. Det at ho var så oppslukt, pirra interessa mi. Sjølv om eg enno ikkje hadde begynt i førskolen, likte eg å sjå på bøkene hennar, kjenne på papiret og løfte silkepapiret frå forsatsblada. Eg ville vite kva som var inne i dei, kva som fanga merksemda hennar så sterkt.»

Det kunne ha vore ei scene klipt rett ut frå min, og mange andre lesarar sin barndom. Eg vaks opp i ein heim med mange bøker, sjølv om ingen i huset var såkalla litteratar. Bokhylla sto der berre, utan påbodsskilt, og ingen av ungane vart fortalt kva eller kor mykje dei burde lese. Lysta kom snikande heilt av seg sjølv. For det eg såg med eigne auge, hadde mykje større effekt enn nokon lesekampanje kunne hatt. Mor mi sat i kvilestolen som var trekt med sprukkent, kvitt skinn, oppslukt av romanar med fargesterke omslag, kveld etter kveld. Eg såg at det å lese, var noko som kunne fylle eit nokså stille liv med store eventyr. 

Skulen kan heller ikkje løyse alt

Kulturbudsjettet for 2025 blir styrka med 20 ekstra millionar, og fleire gode tiltak. Men visjonane for dei vaksne manglar, akkurat som i leselyst-strategien som vart presentert tidlegare i år. Rett nok finst det midlar til formidling i bibliotek og litteraturhus, og dette er viktige arenaer for å få vaksne til å plukke opp boka igjen. Dei burde løftast endå meir. Men desse tiltaka når berre ut til dei som beveger seg dit. Dei er kanskje allereie i lesinga sitt kjernepublikum.

Elles er det eit håp om at skulen skal løyse lesekrisa. Slik den også skal løyse utanforskap. Og helseutfordringar. Og Pisa-krisa. Ja, vi jublar over midlar til skulebibliotek, og aller helst skulebibliotek med tilsette som jobbar heiltid med fagleg bakgrunn. Men utfordringa i dag er ikkje først og fremst at born og unge manglar bøker. Dei manglar lesande rollemodellar.

Viktigare enn YouTube-kjendisar

Ei undersøking gjort i 2022 av britiske National Literacy Trust, som arbeidar målretta med å betre lese- og skriveferdigheitene til britiske born, syner at foreldra framleis er den viktigaste rollemodellen for born og unge. (Dei er til og med meir avgjerande enn YouTube-kjendisar.) Halvparten av dei spurte seier at det å sjå foreldra lese, vil gjere at dei synest lesing er ein ok aktivitet. Berre tre av ti meiner det vil gjere lesing kult (her har vel ingen foreldre store vyar uansett). Og ein av fire seier noko interessant: Viss dei såg ein rollemodell lese, ville dei tenke at lesing kunne hjelpe dei med å skaffe seg den jobben dei ville ha.

Vi treng vaksne som les framfor barn, for sin eigen del, ikkje berre for barn. Det er ikkje for seint å skape ein lesar sjølv om eit menneske har passert tenåra. Korleis oppnår vi det?

Lesing er folkehelse

Vi forfattarar har ikkje fasiten. Men vi veit særs godt at det finst ein lengsel i den vaksne befolkninga etter å vinne tilbake konsentrasjon og lange tankar, og etter å tileigne seg meir kunnskap og fleire syn på verda. Litteraturen, framfor noko anna, tilbyr dette. Og difor er spørsmålet om litteraturen si framtid ikkje lenger berre eit språk- og kulturspørsmål, som kan isolerast til eit lite kulturbudsjett. 


I Norge har vi arbeidd godt og målretta for å fremje folkehelse i mange tiår. Frå dette kan ein hauste erfaringar og rette lesetiltak inn mot vaksne som ønsker seg det litteraturen byr på, men slit med dørstokkmila. Midlar til å opprette lokale leseklubbar, turbibliotek, leseombod, leseambassadørar og andre knutepunkt eller døropnarar som kan operere i og utanfor dei institusjonaliserte rammene. Tenk nytt, tenk tett på, oppsøkande og personleg. Og tenk på at skillelinjene i lesekrisa er tett knytta til fattigdom og utanforskap.

Fleire departement må på banen

Ei anna tilnærming er å lyse ut nærings- og nyskapingsmidlar til dei mange aktørane i det kreative feltet som allereie sit på erfaringar om korleis ein skapar bøker og arrangement som engasjerer ulike vaksne. Forlag, forfattarar, festivalar og andre vil meir enn gjerne vere med på å skape dei tilboda som kan gjere at enda fleire finn vegen ned i kvilestolen – gjerne med ein intetanande pjokk framfor føtene. Her jobbar Regjeringa med eit nytt vegkart for kreativ næring, der litteraturen bør få ein viktig plass. Lesing er i høgste grad også eit kunnskapsspørsmål, med tilhøyrande adresse i Regjeringa. Og ja, var det ikkje nokon som nemnte at kultur er beredskap?

Vi er særs glade for intensjonane. Men skal det monne, må fleire departement no stikke hoda saman og sjå krympande leselyst- og ferdigheiter som ei utfordring som ikkje berre angår dei få, men som er ei brei samfunnsutfordring – uansett alder.

Bjørn Vatne

Leiar

Den norske Forfatterforening