Grytten får Bibliotekets litteraturpris 2024

Frode Grytten mottar Bibliotekets litteraturpris 2024 for romanen «Den dagen Nils Vik døde».

Frode Grytten er frå Odda og bur i Bergen, og har vore ein sentral forfattar i norsk samtidslitteratur sidan dei første dikt- og novellesamlingane kom ut på 80-talet. Han vart kjend blant eit breiare lesarpublikum med utgivinga av kollektivromanen Bikubesong i 1999, som vart ein sals- og kritikarsuksess. Etterpå har det kome fleire prislønna utgivingar i mange ulike sjangrar – romanar, noveller, dikt, skodespel, barnebøker og essay, i tillegg til samarbeidsprosjekt innanfor musikk og fotografi. 

Den dagen Nils Vik døde kom ut i 2023, vart boka hylla av eit samla kritikarkorps som enda eit høgdepunkt i eit mangfaldig og rikt forfattarskap. Boka er eit elegisk og ømt portrett av ein gamal ferjemann i ei lita vestlandsbygd, og av livet og menneska han har kjent der. Liv går over i død, minne og melankoli blir blanda med lun humor og storslegne skildringar av vêr og landskap. Det er ei bok med høg litterær kvalitet så vel som brei lesarappell. 

No har også bibliotekbrukarane og bibliotekarane røysta fram Den dagen Nils Vik døde som vinnarboka av Bibliotekets litteraturpris 2024.

Dette skriv Bibliotekets litteraturpris på nettsidene sine.