Skrivesnakk

DnF-leiar Bjørn Vatne gjestar podkasten Skrivesnakk, der han snakkar med Sunniva Relling Berg om arbeidet som DnF-leiar og kåra for å vere forfattar i dag.

Kva for viktig gruppe manglar i leselyststrategien? Kvifor får normalkontrakta folk i utlandet til å gispe? Og kva har forfattar Simon Stranger med skjult kamera å gjere?

Alt dette og meir får du svar på i dagens episode av Skrivesnakk, der forfattar og litteraturformidlar Sunniva Relling Berg snakkar med aktuelle forfattarar om alt skriverelatert.

I dei nyaste episodane undersøker ho korleis det er å leve som forfattar utanfor det sentrale austlandet, og har fokusert på andre forfattarar i eige fylke: Møre og Romsdal.

Lytt til episoden med Bjørn Vatne her.