Kvifor ville du bli forfattar?
Som lita ville eg bli psykolog, popstjerne eller forfattar. Alle tre like mykje. Som forfattar kunne eg vel på ein måte vera alle tre. Det handla kanskje om fantasi og det å kunne drøyma seg langt av stad. Vera så mange ulike karakterar, vera så mange stader, i så mange uvanlege og vanlege situasjonar. Eg drøymde meg mykje bort som lita. Eg drøymer meg mykje bort.
Korleis var din veg inn i forfattarskapet?
Lang.
Når og korleis begynte du å skrive?
Her får eg lyst til å svara som Arne Næss: «Det var ikkje eg som starta, men alle dei andre som slutta».
Kva forfattarar har hatt størst betydning for ditt eige forfattarskap?
Kor skal eg starte, kor skal eg slutte? La meg prøve å nemne nokon. Siri Hustvedt. Halldis Moren Vesaas. Evi Bøgenæs. Anne Cath Vestly. Amalie Skram. Sara Stridsberg. Roald Dahl. Astrid Lindgren. Leonard Cohen. Kristine Næss. Jon Fosse. Arne Lygre. Henrik Ibsen. Carl Frode Tiller. John Irving. Vigdis Hjort. Karl Ove Knausgård. Jan Roar Leikvoll. Tove Ditlefsen. Eg greier ikkje å velja berre ei eller ein, men her er eit lite knippe.
Kva ord prøver du å unngå/bruke litt mindre?
«Litt». Det blir for mykje som er «litt». Det må meir til. Kanskje eg skulle prøvd å bruke «mykje» mykje meir?
Kva forhold har du til å stryke tekst?
Kan nok vera litt nølande og treig her. Men til lenger eg legg ting til sides, til lettare er det å starte på nytt, til å ta bort overflødige element, som ein kanskje trur er for fint eller viktig til å ta bort. Skrivebordsskuffa kan altså ha ein viktig funksjon.
Kan du fortelje litt om skriveprosessen din? Kva må være på plass, korleis kjem du i gang, kor i teksten startar du?
Dei ulike tekstane og prosjekta har også ulik prosess. Det kan starte med eit bilete, eller fragment, ein situasjon som kan vera ein inngong, ein midt, eller ein sluttscene. Dette fragmentet fungerer som igangsetjar og er ikkje alltid ein del av den endelege teksten.
Elles så jobbar eg best om morgonen. Gjerne i senga før frukost, med ein kopp kaffi med mandelmjølk.
Les du andre forfattarar når du skriv?
Lite i den mest produktive fasen. Det er eventuelt om eg skal lesa meg opp på noko, for eksempel noko fagleg, eller ein stemning. Eller å slå opp i noko eg har lese tidlegare som inspirerar meg i form, stemning eller narrativ.
Kva liker du å lese?
Det går for det meste i norske forfattarar. Klassikarar eller samtidslitteratur. Akkurat nå kosar eg meg med å lese Ingrid Aanestad si siste, Ida i Italia, som er ei nydeleg perle og som eg gruar meg til skal vera over. Eg tek meg i å ville spara og les langsamt. Samstundes høyrer eg på Agnar Mykle som lydbok i bilen, medan eg har andreboka til Arne Henning Årskaug liggande på nattbordet hos kjærasten min. Maren Uthaug og Der det finst fuglar var også ei svært positiv overrasking i vår, for ikkje å gløyme Jonas Hassen Khemiri si Systrarna og John Irving si Enke for et år. Det blir altså ikkje berre norsk litteratur.
Kva synes du om norsk litteraturpolitikk?
Det er vel utaktisk å klage når det finnest statlege ordningar som arbeidsstipend og innkjøpsordninga, og når ein veit det står verre til i andre land enn det det gjer her. Likevel skulle eg ynskje at det var ein reell moglegheit for å kunne leve og livnære seg av å vera skjønnlitterær forfattar. Også for oss nynorskforfattarar.
Kva forventingar har du til medlemskap i Forfatterforeninga?
Eg ventar å finne eit fagleg og sosialt fellesskap som jobbar saman for å gjere det mogleg å vera fulltids yrkesforfattar.
Annlaug Selstø har gitt ut romanen Vera ein annan stad (Samlaget, 2018).