Medlemma i DnF var denne helga samla på Clarion Hotel Royal Christiania i Oslo. Ei uvanleg trygg ramme for eit møte med fagrørsla si. Også den til for å vere med på å trygge liva tli forfattarar i Noreg. På tv-apparata på hotellromma på den siste dagen av møtet kunne ein sjå at Noreg igjen er i krig. Seks jagarflygarar førebur seg no på å reise sørover, på å basere seg i Italia, og mulegvis fly over, og mulegvis bombe, Libya. Norske soldatar i Afghanistan var ein del av motiv og tema i Helga Flatlands debutroman Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Her med forlagsredaktør Øyvind Pharo i Aschehoug. I romanen, som kom på Aschehoug Forlag i vår, skildrar ho unggutar som vervar seg til krig og utanlandsteneste for å komme seg unna bygda.
– Krigen i Afghanistan har vore gjeldande heile ungdomstida mi. Folk i venne- og omgangskretsen min snakka om dette, diskuterte det støtt og stadig, og eg veit om fleire som har verva seg.
– Og kvifor ville du skrive om det?
– Fordi eg opplevde ein manglande politisk og ideologisk grunn for å verve seg. Det er interessant og oppsiktsvekkjande at det for veldig mange handlar det mest om å komme seg vekk, framfor kva dei kjem til.
– Dreiv du research på dette etter at du bestemte deg for å skrive denne boka?
– Mykje av researchen var gjort på førehand i form av samtaler og diskusjonar eg alt hadde høyrt eller vore ein del av. Men sjølve researchen på militæret og Afghanistan gjorde eg samstundes som eg skreiv.
– Kva tenkjer du om nyhenda som kom i dag om at norske flygarar igjen skal til ein base i nærleiken av eit krigsramma land, og kan komme til å måtte fly over det: ein situasjon som liknar den som var over og ved Afghanistan for nokre år sidan?
– Boka mi handlar ikkje om korvidt det er rett eller feil å sende norske soldatar i krigen. Den handlar i det heile tatt lite om krig, men heller om store konsekvensar av meir eller mindre tilfeldige val – det er eit slikt val gutane i boka tek når dei dreg til Afghanistan.
– Apropos meir og mindre tilfeldige val. Til slutt eit spørsmål om språk: I Bli hvis du kan. Reis hvis du må blandar du mellom nynorsk og bokmål. Har du eit intuitivt eller planlagt og medvite forhold til vekslinga?
– Det var planlagt og med medvite. Dei nynorske fortellerstemmene er tenkt å vere med på å understreke tilknytninga desse karakterene har til bygda.