Kulturrådet støttar litteraturhus i Sentralbadet

sentralbadet001_sml

Frå sentralbad til litteraturhus i Odda! Byen som har fostra forfattarar som Frode Grytten, Marit Eikemo og Lars Ove Seljestad, og som gjennom fleire år har hatt litteraturhendinga Litteratursymposiet i Odda, får no litteraturhus. Kulturrådet løyver 1 725 000 kroner for å bygge garderobebygget til smelteverksarbeidarar om til litteraturhus. Sentralbadet i Odda var bygga i 1908, og av meir standhaftige material. I det jugeninspirerte bygget kan vel både bøker og bokelskarar vere trygge. Rådsleiar Beinstein Baardsson uttalar seg gjennom Kulturrådets nettsider:

– Her vil industrihistorisk viktig bygningsmasse få ny bruk og gjøres
til en levende møteplass for kultur.  Og Kulturrådet legger også vekt på
at arenaen utvikles i nært samarbeid med biblioteket og ulike miljøer
lokalt og regionalt, seier Bentein Baardson.