Aktuelt

10 år sidan fengslinga av Dawit Isaak

Den 23. september har det gått ti år sidan fengslinga av Dawit Isaak. Den eritreiske journalisten og dramatikaren sitt framleis som fange av samvit i…

dawit

Den 23. september har det gått ti år sidan fengslinga av Dawit Isaak. Den eritreiske journalisten og dramatikaren sitt framleis som fange av samvit i heimlandet, mens kona hans og barna bur i Sverige. DnF gav ytringsfridomsprisen til Isaak i 2009. Prisen gjekk då til familien i Sverige. Dei kom til Oslo for å ta i mot han. Men dette til tross: Verken DnF, Amnesty eller svenske diplomatar har kommet gjennom hos den eritreiske diktatoren Isaias Afewerki. I dei svenske avisene har det denne helga vore fleire lengre artiklar og intervju rundt Isaak og saka hans. Kulturjournalist i Gøteborgs-Posten, Gabriel Byström, er blant dei mest kritiske kva Sveriges innsats i saka gjeld.

– Ansvaret vilar tungt på dem som hade kunnat agera i det offentliga men som har valt att avstå, skriv Gabriel Byström. Kampen om å frigjere Isaak er ikkje avslutta. Styret i DnF, samt DnFs Internasjonale Utval har ei oppmeksomheit og eit medvit rundt saka.