Aktuelt

1,065 milliardar til stimulering og kompensasjon i kultursektoren i 2021

Regjeringa har fått gjennomslag for å løyve totalt 1,065 milliardar kroner til stimulering og kompensasjon i kultursektoren i 2021.

– Eg ønsker aktivitet i trygge rammer innan kultur, idrett og frivillig sektor også i 2021. Etter at budsjettet blei vedtatt i går, kan eg no gå vidare i arbeidet med å ferdigstille stimuleringsordningane, seier kulturminister Abid Q. Raja.

Til saman er over 2,25 milliardar kroner sett av til dei ulike ordningane for første halvår 2021. Kulturdepartementet har i haust mottatt innspel til ordningane, og er straks klare med eit forslag som skal til høyring hos sektorane over nyttår.

– Dette vil bidra til at kultursektoren, frivilligheita og kvardagsaktivitetane til barn og unge kan haldast i gang, at innsatsen mot einsemd kan fortsette og at vi kan få oppleve glede og samhald gjennom kultur og idrett i året som kjem, seier Raja.

Stimuleringsordninga for kulturfeltet første halvår 2021 vil i hovudsak få same innretning som stimuleringsordninga i 2020. Målet med ordninga er å stimulere til så mykje aktivitet i sektoren som mogeleg gjennom å gi insentiv til å utvikle og gjennomføre arrangement som er tilpassa smittevernrestriksjonar. Regjeringa har fått gjennomslag for å løyve totalt 1,065 milliardar kroner til stimulering og kompensasjon i kultursektoren 2021.

Kulturrådet forvaltar stimuleringsordninga for kultursektoren og har så langt i haust utbetalt 1,4 milliardar kroner til stimulering og kompensasjon. Kompensasjonsordninga for perioden september – desember blir no auka frå 200 til 350 millionar kroner.

– Eg har no auka kompensasjonspotten med 150 millionar kroner. Det inneber at Kulturrådet ikkje treng å avkorte beløpa for september, og utbetalingane kan starte så fort som mogleg, seier kultur og likestillingsministeren.

To varsla endringar i forskriftene for kompensasjonsordningane for september–desember er no vedtatt.

– Vi har utvida slik at vi også kan ivareta arrangørar som har blitt nøydde til å avlyse på grunn av kommunale pålegg, og har endra kravet til dato for planlegging av arrangement, seier kultur- og likestillingsministeren.