"Fokus!" er Eirik Ingebrigtsen mantra som forfattar, og særleg var det slik etter 22.7.2011. Kanskje ikkje rart då at han er ein av dei to Oktoberforfattarane som redigerar ein kommande antologi om terrorhendingane, eller at han er det siste medlemmet i Litterært Råd. Ingebrigtsen er fødd i 1975 og er frå Os utanfor Bergen. Han debuterte skjønnlitterært i 2001 med romanen Vesen, og har sidan gitt ut tre andre bøker på Oktober Forlag.
Det skulle handle mykje om Eirik Ingebrigtsens syn på litterær kvalitet i dette intervjuet frå hausten 2011. Men først eit spørsmål om forfattarens rolle i samfunnet – og særleg etter 22.7.2011: – Akkurat i desse dagar, svarde Ingebrigtsen den hausten, om forfattarrolla:
– I kjølvatnet av 22.7, kan forfattaren vera ein viktig bidragsytar til å setja ord på det ubeskrivelege, samt dra perspektiva gjennom eit språkarbeid som handlar om sensitivitet, nytt engasjement og rik observasjonsevne som tilfører noko. Forfattaren kan også bidra til språkbevaring, leseferdigheiter, ikkje-vold, han er ein motvekt til det kjappe og ein skikkelse som blir viktig i åra framover då fokus skal gjenvinnast. Fokus!
– Kva meiner du om den totale stipendpotten?
– Om vi tenkjer samfunn her også, og ser på kva mangfald og kvalitet som kjem ut og tilbake til konsumentane og som då er med på å dra samfunnet opp reint estetisk, emosjonelt og intellektuelt, er potten forsvinnande liten. Om ein jamfører, og det bør ein jo honen pitle meg ikkje gjera, men om ein gjer det likevel, med andre delar av ”underhaldningsmaskineriet” som tar opp stor plass og genererer mykje pengar, er misforholdet stort. Kunnskap og vakkert språk er ikkje funky nok, men ok i krisesituasjonar. Då genererer det ein blomst. Pengane ligg i andre kanalar. Litteraturpengar blir heldt nede og har ein tuberkuløs tradisjon heftande ved seg. Systemet kompenserer dette med ein og annan hedersutmerking og pris. – Kva meiner du om den delen av potten som kjem frå staten? – Den bør aukast for å oppretthalda kvalitet på det som kjem ut.
– Kva seier han om korleis staten vektar forfattarens rolle i samfunnet?
– Forfattaren er i for stor grad ein blomstarkvast på bordet og ein mann å visa fram inni grotta. Det er beundringsverdig korleis forfattarane som gruppe driv dugnad for språket og har trua på eiga tekst, ved sidan av andre yrke. Forfattarane fortener som sagt fleire stipend å søka på. – Kva synest du om sosiale kriterier ved stipendtildelingar? – Det er eit vanskeleg spørsmål, fordi forfattarar er ei gruppe med lite forutsigbare inntekter, altså bør kommande bokprosjekt og forfattarskap som heilskap telja meir enn likningsattesten som likevel kan sjåast på og brukast som ”vippemandat”.
Om rådet
– På kva måte snakkar de om litteratur i DLR?– Basert på det eine møtet eg har vore på sidan eg blei innvotert i vår, kan eg seia at summen av alle rådsstemmene og kommentarane rundt ei bok, godt avdekkjer sterke og svake sider ved denne. Dei individuelle stemmene kjem fram til ein konklusjon som då innheld djupn og ein respekt for både lesemåtar og bokas moglege intensjonar.
– Kva slags spørsmål er relevante når de snakkar om litteratur i rådet?– Språk, og kva reisverk forfattaren bygg opp i ei bok, og korleis forfattaren tar vare på dette reisverket, korleis han svarar på si eiga bok, så og seia. Litterær modenhet, autensitet, originalitet.
– Kva lærer du om litteratur av å sitje i rådet?– Mykje matnyttig rundt omgrepet ”breidde” og kva som rører seg i norsk samtidslitteratur.
– Kva lærer du om å lese? – At vi lever ulikt og les ulikt og at eg heller ikkje her vil finna ”svaret”, berre nye måtar å sjå ein tekst på, nye måtar som forsterkar eiga kjensle – anten den lukkar seg rundt og blir sikrare eller opnar seg opp mot det nye.
– Har du identifisert nokre kriterium som du vektlegg oftare eller sjeldnare når du vurderar kvaliteten på verk?
– Nei. Eg vil møta ei bok med opnast mogleg kanal og så utfordrar eg mine eigne demonar når dei prøver å ta teksten eg møter ned. Då kan det koma inn vektleggande blikk på språk eller handling. Det viser seg til slutt om teksten og eg møter kvarandre.
– Korleis veit du kva litterær kvalitet er?– Når språk eller handling er behandla med så stor vilje at eg sluttar å pakka inn teksten med min eigen støttetekst, altså forsvinn gradar av kontekst og inn kjem gradar av treff, av og til emosjonelle treff.
Om å lese
– Kva forhold har du til å lese? – Det er stort og flott. Og heilt sjølvsagt i forhold til mi eiga skriving, som inspirasjon og, igjen, fokus – eg les og ”varmar opp” inn mot eigen tekst. Språk inn og så tilbake.
– Har forholdet ditt til å lese endra seg sidan du begynte i rådet, og korleis har det evt endra seg? – Ikkje så mykje, nei. Mengdelesing fører innimellom til at eg ser andre samanhengar mellom bøker og forfattarskap, fordi utvalet bøker er annleis og meir målretta når ein sit i rådet. Saman med målrettinga ligg sjølvsagt skjerpinga; ei lesing skal formulerast fram i etterkant, det krev større grad av refleksjon.
– Går det an å skissere ein metode for måten du les som rådsmedlem?– Ja, ein ekstra runde med refleksjon. Det står noko anna på spel, ein er sjølvsagt medviten om at forfattarane legg fram noko til deg på prøve, at mi stemme tilbake kan bety mykje for han eller ho.
– Skil denne metoden seg frå måten du les bøker som forfattar?– Ja, då legg eg (meir umiddelbare) refleksjonar fram for meg sjølv, brukar det eg finn på ein annan måte, les meir tilfeldig, etter innfall.
– Kan du nemne ei bok, norsk eller utanlandsk, som du synest er god, og skildre kva det er med henne som er bra?– Ein kan aldri berre nemna ei bok! Men: Carmen Laforets ”Ingenting” som tar seg beundringsverdig god tid og som har personar som berører kvarandre så sublimt at det blir lesaren si oppgåve å mala ferdig rom og gater – og det faktum at desse romma og gatene er litt på sida av dei gatene og romma eg faktisk går rundt go finst i kvar einaste dag, gjer at nysgjerrigheita aukar. Lars Amund Vaages ”Rubato” eller ”Dra meg opp!” har derimot gater og åkrar som eg kjenner meg lett igjen i, men der språket er opphøgd i noko heilt, heilt anna slik at lyset over åker og menneske, blir nytt. Det er vel i den mjølkevegen eg ønskjer å vera når eg møter ein tekst: gjerne noko kjent, men likevel nytt – gjerne noko lett, men likevel utfordrande. Noko må stå på spel mellom meg og teksten.