– Andre forlag tapar på skjønnlitteratur. Vi lever av den.

Forlaget Oktober kom best ut av DnF sin forlagsundersøking. Igjen! Kvifor det? spurte vi Geir Berdahl, som er forlagssjef i Oktober, og har vore i…

Forlaget Oktober kom best ut av DnF sin forlagsundersøking. Igjen! Kvifor det? spurte vi Geir Berdahl, som er forlagssjef i Oktober, og har vore i forlaget i 31 år: 

– Vi ser kanskje dei skjønnlitterære forfattarane betre, seier Berdahl.

Oktober forlag har 105 aktive forfattarar, kor alle skriv skjønnlitterært. Med fire redaktørar på norsk skjønnlitteratur og ein for omsett litteratur, jobbar kvar Oktober-redaktør med omlag ti bøker til einkvar tid.

– De har Norges mest nøgde forfattarar. Kor mykje har dette å gjere med den politiske profilen til Oktober, som var meir markant tidlegare, og som viste eit forlag som støtta sosialistiske idear?


– Vi har ein lang tradisjon på forlaget. Det er ein tradisjon av nærheit mellom dei tilsette, og forfattarane. Vi åt saman, gjekk ut i lag, og drakk i lag. Og vi som jobba ved Oktober var oppdratt i det å jobbe kollektivt. Vi var gode til å organisere oss. Den dag i dag går vi gjennom forfattarlister og snakkar i lag om korleis vi på best møte kan følgje forfattarar og forfattarskap. Redaktørane våre har ansvar for heile prosessen av ei bok, frå tekstarbeid, via produksjon, og så vidare.

– Forlaget fyller førti år i år Det har vore ein del fokus på Oktober i samband med dette. mykje positivt å lese! De virkar å vere på topp. Korleis skal de halde dykk der?

– Det er ei stor utfordring. Fleire forlag kjem etter oss, og vil gjere noko av det same. Små forlag som Tiden, Kolon, Flamme, kanskje, satsar også mykje på dei einskilte forfattarskapane, og på det litterære. Løysinga, trur eg, er å mobilisere alle som jobbar på forlaget, og sørge for at dei alle saman er med på dette.