Annie Riis debuterte i 1975 med diktsamlingen Satura. Riis gav seinare ut titals diktsamlingar, to romanar, fleire barnebøker, og gjendikta forfattarar som Eeva Kilp, Comte de Lautréamont og Pierre de Ronsard. Riis mottok prisar som Brageprisen (2001, for Himmel av stål), og blir kalla ein fornyar av norsk barnelitteratur frå søttitalet og utover (i Store norske leksikon). Riis gav sist ut ei diktsamling i 2012 (En som het En, Aschehoug). Då var ho 85 år gamal.
Riis blei medlem av DnF i 1980, og var medlem av Det litterære råd frå 1985 til 1990. Riis døydde 26. februar.